Kommunal planlegging

I formålet til plan- og bygningloven er bl.a. slått fast:

Loven skal fremme bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjoner. Planlegging etter loven skal bidra til å samordne statlige, regionale og kommunale oppgaver og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressurser.

Plan- og bygningslov

Fylkeskommunen skal støtte kommunane i deira planarbeid, og sikre at regionale interesser blir tatt omsyn til i kommunal planlegging. Plan- og bygningslova slår fast at fylkeskommunen har plikt til å delta i kommunale planprosessar, og å gi planfagleg rettleiing.

Rettleiing og medverknad skjer på fleire måtar; gjennom kurs og konferansar, faglege plannettverk og i regionalt planforum. Men også gjennom saksbehandling, synfaringar og møte i konkrete saker.

Kommunane kan søke fylkeskommunen om tilskot til analysar og prosessar i samband med planlegging.

Planseksjonen koordinerer

Hordaland fylkeskommune er høyringsinstans for kommunale planar. Merk at planar som blir sendt på høyring til Hordaland fylkeskommune skal sendast til planseksjonen i regionalavdelinga, ikkje til andre avdelingar. Planseksjonen koordinerer innspel og merknader frå andre seksjonar og avdelingar og sender svar ut.

Kommuneplanar og kommunedelplanar som er på høyring vert lagt fram for utval for kultur, idrett og regional utvikling. Det same gjeld  større reguleringsplanar med regionale konsekvensar. Andre plansaker vert handsama administrativt.

Tenester

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si nettside om planlegging:

www.planlegging.no

Hjelp til planarbeid

Fylkeskommunen hjelper med planarbeid i kommunane

Vaksdal kommune har fått 200 000 kroner frå fylkeskommunen til arbeidet med trafikksikringsplan, og 75 000 til arbeidet med ei folkehelseoversikt.

- Dei økonomiske midlane vi får frå fylkeskommunen er viktige i planarbeidet vårt, sier kommuneplanleggar Gjertrud Karevoll i Vaksdal kommune.

Fylkeskommunen står som arrangør for plannettverka som blir haldne annakvar månad.

- Plannettverket er ein møteplass for alle som er involvert i kommuneplanlegging, med kommuneplanar, reguleringsplanar eller relevant sakshandsaming, seier plansjef Marit Rødseth I Hordaland fylkeskommune.