Forum for regionsenterkommunar

Frøydis Ones, avdelingsleiar plan i Lindås kommune

Det er stor nytte i å bruka andre sine erfaringar, ikkje minst når det gjeld å tenkja strategisk.

Regional plan for attraktive senter i Hordaland

Forum for regionsenterkommunar er eit samarbeidsorgan for dei ti kommunane i Hordaland med regionsenter, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Statens vegvesen.

Kommunane er Askøy, Bergen, Fjell, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Odda, Os, Stord og Voss.

Føremålet med forumet er å leggje til rette for kunnskaps- og erfaringsdeling, og å koordinere og samordne bruken av verkemiddel og ressursar knytt til regionsenter.

Bakgrunnen for etableringa er målsetjinga i regional plan for attraktive senter i Hordaland: Å utvikle attraktive regionale senter, som grunnlag for vekst i heile fylket. Ansvaret er delt mellom kommunane, fylket, staten og private. God samhandling er avgjerande for resultata.

Tenester

Her finn du møteoversikt, referat og kontaktinfo som du kan trenge i arbeidet.