Personvernerklæring for hordaland.no

Denne personvernerklæringa handlar om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkande på hordaland.no.

Hordaland.no er ein fellesportal for alle tenester i Hordaland fylkeskommune, med underliggande sider for kvart enkelt område og kvar skule. 

Fylkeskommunen ved kommunikasjonsdirektøren har det redaksjonelle ansvaret for portalen si framside og for kjernetekstar som er felles for heile fylkeskommunen. Alle skulane har eit sjølvstendig ansvar for sine lokale sider på hordaland.no.

Vi gjev aldri frå oss opplysningar om deg til andre partar med mindre slik utlevering er lovbestemt, naudsynt for å oppfylle ein avtale med deg, eller for å rette eit krav mot deg.

Tilgang til dine personopplysningar er avgrensa til tilsette som må ha tilgang for å gjere jobben sin, t.d. for å handsame ein søknad. Alle våre tilsette har teieplikt om alle opplysningar dei handsamar i jobbsamanheng.

Det vert stilt same krav til tryggleik og konfidensialitet hjå våre eksterne leverandørar som hjå oss sjølve. Hordaland fylkeskommune nyttar ulike leverandørar for å levere tenestane vi tilbyr. Slike leverandørar vil i nokre tilfelle få ansvar for å behandle personopplysningar.

Behandlingsansvarleg

Hordaland fylkeskommune ved fylkesrådmannen er behandlingsansvarleg etter personopplysningslova. Det vil seie at Hordaland fylkeskommune er ansvarleg for informasjonstryggleiken i løysinga, og skal sikre at alle data blir handsama på ein trygg måte. Behandlingsansvarleg er òg ansvarleg for at data er tilgjengelege for dei som har rett til innsyn. Fylkeskommunen skal dessutan sikre at det ligg føre dokumentasjon som viser at oppgåvene blir utført i samsvar med personopplysningslova.


Databehandlar er den som behandlar data på vegne av den behandlingsansvarlige. Underleverandørar er definerte som databehandlarar. Behandling av personopplysningar skjer etter gjeldande lov og forskrift. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.

Du har rett til å få informasjon om opplysningane vi har om deg, og om korleis vi behandlar opplysningane. Det kan du få frå personvernombodet.  

Informasjon lagra i elektroniske skjema

Når du fyller ut elektroniske skjema på hordaland.no, vil informasjonen du gjev frå deg berre bli sendt til den eininga som treng informasjonen til si sakshandsaming.


Vi lagrar informasjon om kva søkeord brukarane nyttar på nettstaden. Det kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane, slik som til IP-adressene.

Informasjonskapslar (cookies)

Ved å gå inn på nettsidene våre, samtykker du i å få informasjonskapslar i nettlesaren din. Du kan avstå frå å samtykke til lagring av informasjonskapslar, men det kan føre til at nettsidene ikkje fungerer optimalt.

 
Informasjonskapslane blir ikkje knytta til deg som enkeltperson. Ei IP-adresse er definert som personopplysning fordi den kan sporast tilbake til ein bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Hordaland fylkeskommune nyttar Google Analytics sin funksjon for å anonymisere IP-adressa før informasjonen vert lagra. Dermed kan ikkje den lagra IP-adressa nyttast til å identifisere den enkelte brukar.

Webanalyse

Vi samlar inn avidentifiserte opplysningar om besøkande på hordaland.no for å utarbeide statistikk slik at vi kan lage eit mest mogleg brukarvennleg nettstad. Vi kan ikkje kan spore opplysningane tilbake til den enkelte brukar.

Alle data vert anonymisert og slått saman til ei gruppe og blir ikkje behandla individuelt. Om du ikkje ønskjer å bidra til analyse av bruken av nettsidene våre, kan du reservere deg mot det

Google Analytics

Hordaland fylkeskommune brukar statistikkverktøyet Google Analytics. Verktøyet brukar cookies for å analysere korleis brukarar nyttar nettstaden.

Informasjonen som vert generert av ein slik cookie ved bruk av den aktuelle nettstaden, inkludert IP-adressa di, vert sendt til Google og lagra på serverar i USA. Mottatte opplysningar er underlagt Google sine retningsliner for personvern.