Viser saker for 1 kategorier

Filtrer på temaområde

Temaområde

Første bybane til flyplassen

– Dette er ein festdag, sa fungerande fylkesordførar Pål Kårbø då han offisielt opna den første bybanen til Bergen lufthavn, saman med byråd Anna Elisa Tryti og lufthavndirektør Aslak Sverdrup. Med dette er utbygginga av Bybanen i Bergen sør avslutta.

Aktiv og spontan fritid med TT-kortet

Veg og transport

– Hadde det ikkje vore for TT-kortet hadde eg blitt sittande mykje heime. Ordninga gjer at eg kan være både spontan og sosial på fritida, seier syttiåtteåringen Jan Helge Jakobsen om den fylkeskommunale transportordninga.

Eit stort steg i riktig retning

– Dette er eit stort steg i riktig retning for dei som går, syklar eller reiser kollektivt, sa fungerande fylkesordførar Pål Kårbø då han, saman med ordførar Marte Mjøs Persen, opna det nye kollektivfeltet og gang- og sykkelvegen i Fyllingsdalen.

Vil kryssa Langenuen i sør for ny E39

Alternativ F med kryssing av Langenuen i sør må veljast som alternativ for ny E39 mellom Stord og Os, går Hordaland fylkesutval inn for. Omsynet til nasjonale og regionale kulturminneverdiar, landskap og friluftsliv ved Bårdsundet er vektlagt i fråsegna.

Start-ja til plan for ny Alversund bru

Fylkesutvalet i Hordaland har samrøystes sagt ja til å starta planarbeid for ny Alversund bru i Nordhordland. Like eins støttar utvalet at det vert utført avgrensa og kortsiktig vedlikehald som vil forlenga levetida til brua med om lag 10 år.

Trafikksikringspris til Dale barne- og ungdomsskule

Veg og transport

– Det er kjekt å få prisen, sa rektor Magnar Helland då Dale barne- og ungdomsskule fekk Hordaland fylkeskommunes trafikksikringspris for 2016. Leiar Nils T. Bjørke i fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland overrekte prisen på 25.000 kroner, plakett og blomster.

Laksevåg kan få trolleybuss

Det kan bli ei samanhengande trolleybusslinje frå Lyngbø gjennom Bergen sentrum til Birkelundstoppen. Det er klart etter at fylkesutvalet har vedteke eit teknisk forprosjekt om å forlenge noverande trolleybusslinje til Laksevåg.

Sjå fleire treff