Viser saker for 1 kategorier

Filtrer på temaområde

Temaområde

Elevar får byråd til å redusere støyen i Bergen

Utdanning

– Vi vil gjere Bergen sentrum meir fredeleg og ta med oss arbeidet de har gjort i den vidare planlegginga av byen, seier byråd Anna Elisa Tryti. Elevar frå Laksevåg videregående skole overrekte i dag eit dokument på åtte punkt om korleis støyen kan reduserast.

– Vi byggjer Vestlandet

Utdanning

– Vi byggjer Vestlandet, seier elevar ved Os vidaregåande skule. Dei skal bli yrkessjåfør på tunge køyretøy, anleggsmaskinførar eller mekanikar på anleggsmaskinar. 135 nye elevar i desse faga kjem ut frå skulen kvart år til godt betalte jobbar.

Fleire fullfører vidaregåande med studiesenteret

Utdanning

– Hadde det ikkje vore for studiesenteret hadde eg nok ikkje kome vidare med utdanninga mi slik eg gjer no, seier Åsta Eikanger Våge (18). Førti ungdommar følger undervisninga på studiesenteret på Årstad videregående skole dette skuleåret. Dette er ny rekord.

Var elev, blei lærling på Hyssingen

Utdanning

Hyssingen produksjonsskole er blitt godkjent lærebedrift i kokkefaget. Første lærling ut er Victor Sillue, som har vore elev der allereie i snart eit år. Sjå video og les korleis du kan bli lærebedrift.

Hordaland best i Erasmus-klassen

Hordaland er fylket som samla sett får mest midlar til internasjonal utveksling og samarbeid innan fag- og yrkesopplæring frå Erasmus+. Fylket og vidaregåande skular mottar til saman 541 489 euro for perioden 2017-2019.

Ny ordning gjer det lettare å få læreplass

Utdanning

– Eg gjekk over eit år utan jobb, men no trivst eg kjempegodt, seier Kenneth Vasquez, IKT-lærling ved Sandsli videregående skole som akkurat har bestått fagprøva etter den nye ordninga der Hordaland fylkeskommune går aktivt ut for å skaffe læreplassar.

Austevollelevar sette ny rekord i Lofoten

Utdanning

– Dette var ein kjempetur for oss elevar, seier Lene Hagen (17), elev ved Austevoll vidaregåande skule som nett er komen heim frå lofotfisket med klassen sin på båten «Stø Kurs». Elevane sette ny skulerekord med 11 tonn fisk på ein dag.

Feira 30 år med musikk på Langhaugen

Utdanning

– Ingen hadde drøymt om at vi skulle ende opp med dette etter 30 år, sa rektor Tore Tvedt då han takka elevar og lærarar etter ein åtte timar lang jubileumsfeiring på Langhaugen videregående skole.

Diskuterte skulesamanslåing på Bømlo

Utdanning

Skulesamanslåing stod på dagsorden då fylkesutvalet i Hordaland møtte kommunen og næringslivet på Bømlo torsdag 30. mars. Etter skulebruksplanen skal Rubbestadneset og Bømlo vidaregåande skular slåast saman til ein stor skule.

Årstad-elevar underviser åttandeklassingar i koding

Utdanning

Kvar måndag fram til påske underviser elevar frå Årstad vidaregåande skole ungdomsskuleelevar i programmering. – Det er moro å sjå at elevane får til det dei prøver på. Då veit eg at eg klarer å lære faget vidare. Det hadde eg ikkje trudd eg ville klare på førehand, seier elev på vg2 data og elektronikk Anders Åsheim.

Amalie Skram har beste ungdomsbedrift i Hordaland

Utdanning

UBamboo UB ved Amalie Skram videregående skole gjekk heilt til topps då 88 ungdomsbedrifter frå hele Hordaland konkurrerte mot kvarandre. Dei skal dermed representere Hordaland under NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 4.-5. mai.

Byggjer ny fagskule og vidaregåande skule på Laksevåg

Politikk Utdanning

– Vi skal ha den største offentlege fagskulen i landet saman med eit spennande tilbod for elevane i vidaregåande skule, seier Emil Gadolin, leiar av opplærings- og helseutvalet, etter at Hordaland fylkesting har vedteke å plassere ein samla og styrka fagskule og ein vidaregåande skule med maritimt og petroleumtekniske fagtilbod på Laksevåg.

Årstad den nye vinnarskulen i Hordaland

Utdanning

– Årstad er blitt ein svært fin og populær vidaregåande skule. Det ser vi på søkjartala, seier inntaksleiar Nils Skavhellen i Hordaland fylkeskommune. 157 fleire elevar enn i fjor søkjer den moderniserte skulen på Danmarks plass.

Stor breidde og dyktige fagfolk

Utdanning

– Breitt fagtilbod, fleksibilitet og flinke fagfolk er gode grunnar til å søkje seg inn på ein av Hordaland fylkeskommune sine vidaregåande skular, ifølge fylkesdirektør for opplæring Svein Heggheim. Søknadsfristen 1. mars nærmar seg fort.

Permitterte frå oljebransjen hjelper lærlingar

Utdanning

– Eg har vore permittert sidan byrjinga av november. Det er kjekt å få hjelpe til her, seier Stian Sellevold. Han er permittert serviceingeniør i oljebransjen, men har gjennom Hordaland fylkeskommune fått jobb som hjelpelærar for lærlingar som har problem med å få nok praksis.

Vil lovfeste nulltoleranse mot mobbing

Utdanning

– Lovendringane er saman med kompetanseheving, støtte og rettleiing viktige satsingsområde i kampen mot mobbing, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då han presenterte det nye lovforslaget til regjeringa på konferansen «Saman mot mobbing» i dag. Mobbeombodet i Hordaland fylkeskommune er med å arrangere konferansen på Sotra saman med Fjell kommune.

Sykehusskolen samla under eitt tak

Politikk Utdanning

– Eg er glad for at vi no får samla Sykehusskolen under eitt tak, i nye, flotte og meir moderne lokale, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø. 10. februar vart den nye Sykehusskolen teken i bruk i flunkande nye lokale i Barne- og ungdomssjukehuset på Haukeland.

Sjå fleire treff