Viser saker for 1 kategorier

Filtrer på temaområde

Temaområde

Milepæler i arbeidet for likeverd

Politikk

Fylkestinget har vedteke temaplan for likeverd i Hordaland fylkeskommune. Dette er ein overordna plan som skal gi retning for tilsette og tenesteyting. Fylkeskommunen har og underskreve det europeiske charter for likestilling.

Hordaland satsar på hydrogen og biogass

Politikk

– Dei er miljøvenlege og bidrar til det grøne skiftet, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø etter at fylkesutvalet i Hordaland er positiv til satsing på hydrogengass og biogass som nye energikjelder.

Askøy samla på ein tannklinikk

Politikk Tannhelse

– Dette er ein stor tannklinikk som fungerer godt, har godt fagmiljø, og det er attraktivt å søkje seg hit, sa fungerande fylkesordførar Pål Kårbø då han opna den nye tannklinikken på Kleppestø. Den har 17 tilsette, 11 behandlingsrom og har kosta 22 millionar kroner.

Regional areal- og transportplan vedteken

Fylkestinget har i dag vedteke regional areal- og transportplan for Bergensområdet for perioden 2017-2028. Planen omfattar Bergen og nabokommunane og skal blant anna gje føringar for bustadbygging og næringsareal, kollektivtransport og gode nærmiljøkvalitetar.

Regnbogepris til Hordaland fylkeskommune

Politikk

– Dette er svært hyggeleg og inspirasjon til vidare innsats, seier fungerande fylkesvaraordførar Roald Kvamme etter at Hordaland fylkeskommune vart kåra til «Årets bedrift/organisasjon» under Regnbuedagene i Bergen 10. juni.

Opna visingssenter for ciderproduksjon

– Hordaland fylkeskommune har stått i spissen, fått pengar frå EU og etablert mange visingssenter for gamle handverkstradisjonar på Vestlandet, seier næringssjef Mette Nora Sætre. I dag opna landbruksministeren og EU-ambassadøren Ciderhuset Économusée som det 13. i Noreg.

124 millionar kr til idrettsanlegg

Kultur Politikk

Utval for kultur, idrett og regional utvikling har tildelt 124 millionar kroner til idrettsanlegg i fylket. Dette er spelemidlar som skal gå til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Skal byggje steinaldersti i Nordhordland

– Dette er eit spennande pilot- og føregangsprosjekt som har stor overføringsverdi, seier leiar Beate Husa, etter at utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland har løyvt 400 000 kroner til å etablere steinalderstien i Fosnstraumen i Austrheim kommune. Her er det spor etter menneske heilt attende til den første busettinga i Noreg.

Opna to nye sykkelparkeringshus

– Det er kjekt at vi har fått sykkelparkeringshus. Eg bur 10 minutt unna, fortel Arild Hermstad. Han var den første som tok sykkelparkeringshuset på Åsane terminal i bruk. Det har plass til 96 syklar og har kosta 1,5 millionar kroner.

Sjå fleire treff