Viser saker for 1 kategorier

Filtrer på temaområde

Temaområde

Regional areal- og transportplan vedteken

Fylkestinget har i dag vedteke regional areal- og transportplan for Bergensområdet for perioden 2017-2028. Planen omfattar Bergen og nabokommunane og skal blant anna gje føringar for bustadbygging og næringsareal, kollektivtransport og gode nærmiljøkvalitetar.

Skal byggje steinaldersti i Nordhordland

– Dette er eit spennande pilot- og føregangsprosjekt som har stor overføringsverdi, seier leiar Beate Husa, etter at utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland har løyvt 400 000 kroner til å etablere steinalderstien i Fosnstraumen i Austrheim kommune. Her er det spor etter menneske heilt attende til den første busettinga i Noreg.

Vi har ein plan!

Lurar du på korleis fylkeskommunen arbeider med samfunnsutvikling? Den regionale planstrategien er fylkespolitikarane sitt plandokument og ein overordna plan for utviklinga av hordalandssamfunnet.

– Vi må løyse sakene i lag

– Det hjelper ikkje kor flinke vi er om vi ikkje greier å løyse sakene i lag, sa kommunalsjef Aina Tjosås i Os då forum for regionsenterkommunar i Hordaland etablerte seg i dag. Forumet er for dei 10 regionsentra i fylket, fylkeskommunen, fylkesmannen og Statens vegvesen.

Delvis ja til Vårheia-utbygging i Arna

Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune seier delvis ja til Bergen kommune sin plan om utbygging av Vårheia bustadområde i Arna. Utvalet opnar for utbygging i det nedre området og at ei utbygging av det øvre området vert utsett til seinare.