Viser saker for 1 kategorier

Filtrer på temaområde

Temaområde

Skal skape liv og lyst på Møhlenpris

Næringsutvikling

Hordaland fylkeskommune går i bresjen for å skape liv og lyst på Møhlenpris. For første gong blir eit urbant lokalsamfunn med i programmet LivOGLyst. Det skal få lokalsamfunnet til å gløde gjennom nye aktivitetar og møteplassar.

Gode grannar styrka lokalmiljøet på Unneland

Næringsutvikling

I 2010 bestemte Unneland grendalag seg for å gi lokalmiljøet eit løft. Seks år seinare har bygda både kulturhus og eigen festival. Prosjektet er mellom anna finansiert gjennom midlar frå LivOGLyst – eit opplegg for lokal samfunnsutvikling i Hordaland fylkeskommune.

Tørrfisk skal setje Bergen på kartet

Næringsutvikling

– Gjennom tørrfisken har vi fellesskap med store delar av Europa. No ønskjer vi å gjere historia om tørrfisken meir kjend, seier Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune som står i bresjen for eit stort internasjonalt tørrfiskseminar under Hansadagane i Bergen laurdag 11. juni.

Statsministeren: – Hordaland viser regionalt ansvar

Næringsutvikling

– Det er flott at Hordaland fylkeskommune viser det regionale ansvaret sitt, seier statsminister Erna Solberg etter møte med fylkesordførar Anne Gine Hestetun og resten av omstillingsutvalet i fylket. Solberg fekk høyre kva Hordaland gjer for å bøte på problema i oljerelatert verksemd.

24 mill. kr skal få i gang nye næringar

Næringsutvikling

– Vi merker eit aukande behov for offentlege stønadsmidlar til å hjelpe personar og bedrifter til å finne nytt næringsgrunnlag, seier næringssjef Mette Nora Sætre i Hordaland fylkeskommune. For å få i gang nye næringar skal fylkeskommunen dele ut 24 millionar kroner.

Oleana opna som visingssenter

Næringsutvikling

– Vi er stolte over Oleana og det dei har fått til, sa næringsminister Monica Mæland under den offisielle opninga av bedrifta i Ytre Arna som eit visingssenter for tekstilprodukt og historia bak.

Skal skape liv og lyst

Næringsutvikling

– Vi vil skape liv og lyst i hamna på Fedje igjen. Mykje aktivitet er flytta inn på øya. No vil vi ta hamna tilbake, seier Dagrunn Gunnarson, prosjektkoordinator på Fedje.