Viser saker for 1 kategorier

Filtrer på temaområde

Temaområde

Opna visingssenter for ciderproduksjon

– Hordaland fylkeskommune har stått i spissen, fått pengar frå EU og etablert mange visingssenter for gamle handverkstradisjonar på Vestlandet, seier næringssjef Mette Nora Sætre. I dag opna landbruksministeren og EU-ambassadøren Ciderhuset Économusée som det 13. i Noreg.

124 millionar kr til idrettsanlegg

Kultur Politikk

Utval for kultur, idrett og regional utvikling har tildelt 124 millionar kroner til idrettsanlegg i fylket. Dette er spelemidlar som skal gå til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

8,6 mill kr til vern og drift av gamle fartøy

Kultur Politikk

Gamle fartøy i Hordaland får 8,6 millionar kroner til istandsetjing, vern og drift i 2017. Mest går til 86 år gamle MS «Granvin» med to millionar kroner. Det nyleg heimvende HSD-skipet «Sunnhordland» er inne for første gong med 230 000 kroner.

Ein møteplass for ung kultur

Kultur

I dag brakar det laus på USF Verftet. Nærmare 250 kreative ungdommar frå heile fylket skal utfalde seg innanfor eit breitt spekter av kulturuttrykk. Her kan du oppleve visesong, hardrock og lyrikk frå same scene.

Bibliotek blir kulturelle samlingspunkt

Kultur

– Vi ønskjer at biblioteka skal vere mest mogeleg aktuelle, seier seniorrådgjevar Sigrid Furnes etter at Hordaland fylkeskommune har hatt stor suksess med å gjere bibliotek om til kulturelle samlingspunkt.

Satsar 60 millionar på nytt teater i Bergen

Kultur Politikk

Hordaland teater satsar 60 millionar kroner på å byggje nytt teater i Logen i Bergen sentrum. I 2019 skal det nye teateret stå ferdig til bruk. Det skal bli ein sentral, sosial møteplass og kraftsenter for nynorsk språk og kultur på Vestlandet.

Skal bruke 2,5 millionar til kultur under Sykkel-VM

Kultur Politikk

– Vi har merka oss eit stort og godt frivillig kulturengasjement i kommunane. No er det på høg tid å setje fokus på dei profesjonelle kreftene, seier Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling etter at Hordaland fylkeskommune skal bruke 2,5 millionar kroner til kulturprogram på folkefesten under Sykkel-VM.

Fjell er årets kulturkommune i Hordaland

Kultur Politikk

Fjell kommune er kåra til «Årets kulturkommune i Hordaland». Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø tildelte utmerkinga på Hordaland fylkesting kl. 11.45 i dag. Ordførar Marianne Sandal Bjorøy og kultursjef Lennart Fjell tok imot prisen.

Bokbåten på vårtur i Hordaland

Kultur

Tysdag 7. mars startar vårturen til bokbåten Epos i Hordaland. Første stopp blir på Strøno i Os kl. 09.00, deretter Vedholmen kl. 11.00 og Øystese kl. 17.30. Totalt 50 stader i fylket får besøk av bokbåten.

Ni kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Hordaland

Kultur

Ni område i Hordaland er av Riksantikvaren utpeika som kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse. Hordaland og Østfold er dei første fylka i landet som har laga slik oversikt. Dei andre fylka i landet skal etter kvart lage same oversikt i samarbeid med Riksantikvaren.

Oselvarverkstaden på verdarvslista

Kultur

Oselvarverkstaden er som den første i Norden no sett på UNESCO si prestisjefylte verdsarvliste for immateriell kulturarv, i kategorien beste vernepraksisar. – Ein stor dag for den flotte Oselvarverkstaden og ei tydeleg vedkjenning av riktig fylkespolitiske satsingar, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Stipend til sju kunstnarar i Hordaland

Kultur

Sju kunstnarar i Hordaland har fått stipend frå Hordaland fylkeskommune. Utval for kultur, idrett og regional utvikling har tildelt fem reise- og/eller kompetansehevingsstipend og to arbeids- og fordjupingsstipend.

Bokbåten på hausttur i Hordaland

Kultur

Bokbåten «Epos» er fram til 1. desember på hausttur i Hordaland. 50 stoppestader står på programmet. I dag stoppar den i Forlandsvåg i Sund kommune. I morgon i Glesvær, Telavåg og Toska.

«Forskjellen på byutvikling og eigedomsutvikling er vond for mange»

Kultur

– Vi må lære forskjellen på byutvikling og eigedomsutvikling. Den er litt vond for mange. Byutvikling er i eit tidsperspektiv på 100 år, mens eigedomsutviklarane skal ha pengane sine igjen etter fem år, sa Peter Butenschøn rådgjevar i arkitektur og byplanlegging på kultur- og idrettskonferansen for Hordaland.

Delte ut dei første folkemusikkstipend

Kultur

Alexander Aga Røynstrand (hardingfele) fekk i helga det første folkemusikkstipendet til Hordaland fylkeskommune. Det er på 50.000 kroner og vart delt ut på Osafestivalen på Voss.

Kjerrgarden grunneigarlag på Askøy fekk Kulturlandskapsprisen

Kultur

– Kjerrgarden er eit godt døme på korleis fleire typar kulturminne kan takast vare på i jordbrukslandskapet til ei heil grend, og vi får her eit sjeldan høve til å erfare tidsdjupna i eit samanhengande kulturlandskap, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Sjå fleire treff