Vil ha ungdomspanel for betre rekruttering til oljeindustrien

– Olje- og gassindustrien skal leve i mange tiår framover. Vi har behov for kompetanse, men eg er uroa over rekrutteringa. Eg har vurdert å setje ned eit ungdomspanel for å kommunisere betre med dei unge, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Den permitterte ordføraren i Os og gruppeleiar i fylkestinget i Hordaland har halvannan månad bak seg i regjeringa. På eit møte på Fagskolen i Hordaland, i regi av HOG Energi, møtte Søviknes representantar for skulen, olje- og gassnæringa, NHO, politikarar og interesseorganisasjonar.

– Eg er uroleg over søknadstala til utdanning innan oljeindustrien. Dei unge er usikre på framtida. Debatten er svært fokusert på omstilling, men inga næring er stor nok til å erstatte olje og gass, seier Søviknes.

OljeN1000B5660.jpg

Rektor Torbjørn Tvedt ved Fagskolen i Hordaland og avdelingsleiar Jørgen Eriksen tek imot olje- og energiminister Terje Søviknes.

50 000 jobbar er vekke

På tre år er 50.000 jobbar vekke, men det er framleis 183.000 tilsette i olje- og gassindustrien og leverandørindustrien til denne.

– Vi kjem til å ha denne industrien i mange tiår framover. Eg må få folk til å forstå at dette er ei langsiktig næring. Eg trur nedkjølinga vi har fått, er sunn, men brutal. Nedgangen har flata ut, og vi ventar litt vekst frå 2019. Vi må synleggjere for dei som skal ta yrkesval at vi har behov for kompetansen i mange tiår framover.

OLjeN1000B5679.jpg

Ove Lunde, leiar i HOG Energi, stod bak arrangementet med olje- og energiminister Terje Søviknes.

Auka energibruk i 2040

Søviknes viste til eit scenario der energibruken i verda vil auke med 27 prosent frå 2014 til 2040.

– Det er eit stort volum. Kvar skal vi ta den i frå? Det er ikkje realistisk at all den skal vere fornybar. Vi reknar med at i 2040 kjem halvparten av energien frå olje og gass, mens den andre halvparten er fornybar. Industrien stoppar opp utan fagarbeidarar. Vi må formidle til ungdomen at vi har ein olje- og gassindustri som skal leve i mange tiår framover. Eg har vurdert å setje ned eit ungdomspanel der vi kan kommunisere med dei. Vi må kommunisere slik at vi treffer både hjarte og hjerne, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

God ide

Fungerande fylkesvaraordførar Roald Kvamme seier at ideen med ungdomspanel er god.

– Men vi må lytte til dei unge og ta dei på alvor.

Kvamme er og styreleiar for Fagskolen i Hordaland og oppteken av korleis dei rekrutterer studentar.

– Det hadde vore fantastisk om vi kunne tilby etterutdanning og vidareutdanning til dei som blir permitterte, men då må permitteringsreglane endrast. Dei mister dagpengane om dei tek utdanning.

OLjeN1000B5669.jpg

– Eg må få folk til å forstå at dette er ei langsiktig næring, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Misser mange studentar

Gustav Bahus, lærar ved fagskulen seier at dei misser mange studentar fordi dei ikkje får støtte frå NAV mens dei er permitterte.

– Og dei som blir permitterte og finn seg anna arbeid, kjem ikkje tilbake når det blir arbeid igjen. Dei går ikkje tilbake til ein usikker jobb og kompetansen går tapt.

Jørgen Erichsen er avdelingsleiar ved Fagskolen i Hordaland.

– Eg er uroa over rekrutteringa. Før hadde vi mange søkjarar og kunne velje og vrake. Det kan vi ikkje lenger. Alle private skular i faget har lagt ned, og vi er berre nokre få offentlege skular att som gjev utdanning i oljebransjen. Eg er spent på søkjartala til komande skuleår. Søknadsfristen er 1. mars, seier Jørgen Erichsen.

OljeN1000B5666.jpg

– Vi treng fagarbeidarar framover, seier administrerande direktør Tom Knudsen i NHO som fortalte olje- og energiminister Terje Søviknes at færre utdannar seg til fagarbeidarar i oljeindustrien.

Signal å ta på alvor

Tom Knudsen er administrerande direktør i NHO Hordaland og leiar av yrkesopplæringsnemnda i Hordaland.

– Vi ser at det i 2015 og 2016 har vore ein nedgang i fagutdanning i oljeindustrien. Det er ikkje ein stor nedgang, men den er eit signal vi må ta på alvor. Vi treng fagarbeidarar framover. Dei som tek til på vidaregåande skule til hausten, går ikkje ut i produksjon før om fire år, seier Tom Knudsen.