Vil ha 70 prosent frå staten ved nye bybaneavtalar

Den statlege finansieringa av bybaneutbygginga bør i framtidige avtalar aukast til 70 %, vedtok Hordaland fylkesting 13. juni. Fylkestinget godkjente både byvekstavtalen og ei ny bompengepakke for Bergen.

Vedtaka i begge desse sakene vart gjort mot dei åtte røystene til Fremskrittspartiet (7) og Raudt(1). Alle dei andre partia i fylkestinget står bak vedtaka. Det vil seia Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet, Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet de Gønne.

I eigne punkt i fylkestinget sine vedtak om byvekstavtale og ny bompengepakke heiter det: «På bakgrunn av mangelfull statleg oppfølging av finansielle forpliktingar i Bergensprogrammet sidan 2002 samt dei store utfordringane framover for å sikra at all vekst i persontransporten vert teken av kollektivtransport, sykkel og gange, bør den statlege delen av finansieringa av bybaneutbygginga for framtidige avtalar verta auka til 70 %.»

Byvekstavtalen

Byvekstavtalen som Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune har inngått med staten, gjeld for åra 2017-2023. Avtalen sikrar 50 % statleg finansiering av Bybanen til Fyllingsdalen.

Etter byvekstavtalen skal staten yta 6 milliardar kroner til transportinfrastruktur og drift av kollektivtransport i Bergen dei neste sju åra.

Av dei statlege midlane gjeld 3,1 mrd. kr midlar til 50 % finansiering av Bybanen til Fyllingsdalen. Til ulike riksvegtiltak for å nå målet om nullvekst i privatbilbruken yter staten 1,5 mrd. kr og fylkeskommunen skal bidra med 1,8 mrd. kr. Frå den statlege belønningsordninga for styrking av kollektivtrafikken kjem i alt 1,4 mrd. kr – 200 millionar kroner årleg. Jernbanetiltak med 100 % statleg finansiering kjem i tillegg.

Bompengar vil stå for i alt 7 mrd. kr av finansieringa av byvekstavtalen, med årleg inntening på om lag 1 mrd. kr.

Fylkestinget føreset at byvekstavtalen vert reforhandla seinast våren 2018 på grunnlag av NTP 2018-2029 som Stortinget skal vedta no før ferien. Ved denne revisjonen må avtaleområdet for byvekstavtalen utvidast til å gjelda omlandskommunar til Bergen, seier fylkestinget i vedtaket sitt.

Ny bompengepakke for Bergen

Ei ny bompengepakke for Bergen fram til 2037 skal finansiera utbygging av Bybanen andre kollektivtiltak og ei rekkje vegprosjekt dei neste 20 åra. Samla ramme er på 29,4 mrd. kr.

Det er føresett at Stortinget skal vedta bompengesøknaden i løpet av 2017.

Bypakken skal stø opp om mindre bilbruk ved at det vert satsa tungt på utbygging av kollektivinfrastruktur. Bybanen til Fyllingsdalen og Åsane utgjer til saman 14,2 mrd. kr. (48%) av investeringane. Vegprosjekta (bidrag til Ringveg øst, Bymiljøtunnelen og bindingar til Ringveg vest og Hjellestadvegen) utgjer om lag 13,5 mrd. kr.

Investeringane er planlagt finansierte med statlege midlar, bompengar og fylkeskommunale midlar. Staten vil forplikta seg til å finansiera om lag 13,5 mrd. kr i 20 årsperioden. Bompengebidraget er 11 mrd. kr og fylkeskommunen sitt bidrag er på om lag 5,5 mrd. kr.

Nye bomstasjonar

I den nye bompengepakken vert talet på bomstasjonar dobla frå 14 til 28 og takstane vert miljødifferensierte. Takstane i dei nye ytre bomstasjonane vert ikkje tidsdifferensierte.

Innkrevjinga i dei nye bomstasjonane vil truleg ikkje kunna starta opp før om lag eit år etter at bompengeproposisjonen er vedteken i Stortinget. Nye takstar kan innførast på eit tidlegare tidspunkt i eksisterande bomstasjonane. Innkrevjinga er føresett avslutta i 2037.

Det er lagt opp til at elbilar/hydrogenbilar i takstgruppe1 (lette køyretøy) skal betala bompengar når talet på elbilpasseringar i bomringen vert over 20% – truleg rundt år 2020. Elbilar/hydrogenbilar i takstgruppe 2 (tunge køyretøy) betalar ikkje bompengar.

Ringveg aust

Ringveg aust omfattar tre riksvegstrekningar mellom Rådal og Klauvaneset (Nordhordlandsbrua): E39 Rådal-Arna, E16 Arna-Vågsbotn og E39 Vågsbotn-Klauvaneset. Desse tre store riksvegprosjekta er i liten grad (1,5 mrd. kr) finansierte innanfor bypakken. Ringveg aust skal ikkje ha hovudfinansieringa si frå bypakken, men vil ha eit eige bompengeopplegg.