Tryggare vegar ved skular og for Sykkel-VM

Utval for miljø og samferdsel i Hordaland har løyvt 20 millionar kroner til tryggare skulevegar. Utvalet går og inn for at det skal bli tryggare vegar for syklistane under Sykkel-VM til hausten.

Dei 20 millionar kronene skal brukast til skulevegar i 13 kommunar i Hordaland.

Dette går pengane til:

  • I Askøy kommune skal 2,2 millionar brukast til fortau, gangfelt og lys langs Erdalsvegen, mellom Erdal barneskole og Erdal ungdomsskole.
  • I Austrheim kommune blir 1,270 millionar brukt til veglys langs den 2,2 kilometer lange vegen mellom Mastrevik og Toftegård.
  • I Bømlo kommune kjem det veglys for 850 000 kroner langs den 600 meter lange vegen frå Totland til Grunnavågen i Moster.
  • I Fjell kommune er to millionar avsett til utbetring av 460 meter av Ebbesvikvegen med vegbreidde, fortausbreidde, grøfting, lys, murar og avkøyrsel.
  • I Kvam kommune skal 110 meter av vegen i Øystese utbetrast. Det inneber omlegging av vegen, opparbeiding av gangfelt og fortau, lys, asfaltering, og siktutbetring til totalt 3,5 millionar kroner.
  • I Kvinnherad kommune er 1,6 millionar avsett til veglys og kantstopp for buss for skulebarn i Løfallstrand.
  • I Masfjorden skal to millionar brukast til utbetring av 18 punkt langs fylkesveg 570.
  • I Os kommune går 250.000 kroner til bytte av kvikksølvlys på eksisterande stolpar i Åsen.
  • I Stord kommune er 300 000 kroner avsett til fullføring av prosjekt med intensivlys ved kulturhuset i Leirvik sentrum.
  • I Tysnes kommune skal 1,53 millionar brukast til kantsikring, siktutbetring, mur/autovern og utviding av møteplass på Fjellvegen i Onarheim.
  • I Ullensvang kommune skal Sekse få 100 lyspunkt langs den 2,5 kilometer lange vegen. Det koster to millionar kroner.
  • I Ulvik kommune skal det byggast fortau for to millionar kroner langs Tyssevikvegen for betre trafikktryggleik for mjuke trafikantar.
  • I Vaksdal kommune er 500 000 kroner avsett til utbetring og fullføring av trafikktryggingstiltak for mjuke trafikantar og skuleveg i Duesvingen.

38 søknader

Dei 20 millionar kronene er avsett i budsjettet vedteke av fylkestinget. Alle kommunar i fylket kunne søkje. Det kom inn 38 søknader frå 23 kommunar for totalt 58,3 millionar kroner. I fjor kom det 26 søknader frå 17 kommunar. Då var 10 millionar avsett til føremålet.

Sykkel-VM

Utvalet har og behandla legging av fast dekke og vegoppmerking av fylkesvegane i år. Totalt er vel 38 millionar kroner avsett til fast dekke og 11 millionar til vegoppmerking. Komiteen for Sykkel-VM har bede om omprioritering av pengane til fast dekke, spesielt i Småstrandgaten der spor kan vere ein fare for syklistane. Utvalet går inn for at det blir skaffa pengar til dette. Denne saka går til endeleg vedtak i fylkestinget i juni. Statens vegvesen opplyser at dei skal greie å få fast dekke til Sykkel-VM startar i september.