Skal jobbe mot doping i Hordaland

– Doping er gambling med kroppen. Eg trur mange ikkje skjønar risikoen. Vi vil gje dei unge kunnskap til å ta riktige val, seier Ruth Velsvik. Ho har ei prosjektstilling i Antidoping Norge for å jobbe mot doping i Hordaland, særleg inn mot elevar i den vidaregåande skulen.

Antidopingprosjektet skal gå over to år. Det starta i august i fjor, og er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Antidoping Norge (ADNO).

– Den største målgruppa er elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland, men og støtteapparatet rundt, som lærarar, rådgjevarar, helsesyster og andre yrkesgrupper som jobbar med unge menneske som er utsett for doping. Ved å førebyggje doping, kan vi spare behandlingsapparatet og belastning på den enkelte og deira omgangskrets. Biverknader av doping vil ikkje berre råke den som brukar doping, men og alle rundt.

God folkehelse

Ruth Velsvik er tilsett i Antidoping Norge og er engasjert av Hordaland fylkeskommune for å mobilisere til god folkehelse og kamp mot doping. Antidoping Norge er ei stiftelse, oppretta i 2003 av kultur- og kyrkjedepartementet, Norges idrettsforbund og Norges Olympiske komite.

– Førebygging er mitt fagfelt, seier Velsvik som har hovudfag i psykologi og skreiv hovudfagsoppgåve om negativ kroppsoppfatning hos unge og førebygging av risikofaktorar for mellom anna spiseforstyrring. Ho har jobba tett opp mot ungdom, kropp, utsjånad og sjølvkjensle.

Aukande bruk

Tendensen viser at det er aukande bruk av doping hos unge menneske.

– Vi har indikasjonar på at fleire brukar doping. Tollvesenet gjer fleire beslag enn før. I 2013 vart doping kriminalisert i Noreg, og politiet har søkelys på dette. Det er forbode både å ha og bruke doping i Noreg. Ungdom skal vite at dette kan gjere dei kriminelle. Bruk av doping er ikkje berre eit problem innan idretten, det er eit folkehelse, kriminelt og samfunnsproblem.

Tal frå Scentio (2016) indikerer at fire prosent av unge mellom 18 og 25 år har brukt doping, basert på eit utval på 1003 spurte.

– På Vestlandet svarte fem prosent at dei hadde brukt doping. Tidligare tal har vist livstidsførekomst på om lag to prosent, men like fullt med varierande tal. 22 prosent av ungdommane i det same utvalet seier at dei kjenner nokon som brukar doping. Tala viser og at dobbelt så mange gutar som jenter dopar seg.

Musklar og feitt

Velsvik seier det er fleire årsaker til at unge dopar seg.

– Ungdom brukar doping for å endre korleis dei ser ut, korleis kroppen er sett saman med tanke på fett og musklar, eller for å auke prestasjonane. Dei jaktar på drøymekroppen, legg ut bilete på sosiale medium og håpar å få mange «likes». Dette går på sjølvkjensle. I enkelte miljø rasjonaliserer og normaliserer dei bruk av doping og har tankar og myter om at tilleggspreparat vil kunne dempe biverknader. Nye preparat vil i seg sjølv kunne tilføre nye biverknader.

Ikkje moralisere

Velsvik seier at ho ikkje er ute etter å moralisere, men for å forklare konsekvensane av doping.

– Vi vil informere slik at ungdomen kan ta val. Vi vil gje korrekt og riktig informasjon og unngå skremselspropaganda. Dei som vurderer dop, må vite om mogelege konsekvensar. Nokre unge undervurderer risiko ved bruk av doping. Det er risikofylt for psykisk og fysisk helse. Doping set kroppens eigen produksjon av hormon ut av aktivitet og kan føre til angst, depresjon, impotens og psykisk ustabilitet. Ein kan oppleve auka aggresjon, og det kan føre til familievald. Indre organ kan ta skadar, og ein stør opp om kriminell verksemd. Vi ser og ein klar samanheng mellom dop og rus.

Skal rundt på skulane

Ruth Velsvik har som mål å reise rundt på så mange vidaregåande skular i fylket som mogeleg.

– Eg skal skipe til seminar og kurs om doping. Om skular eller miljø oppdagar at dei har eit dopingmiljø, kan vi rettleie og undervise. Vi har utvikla eit modulbasert undervisingsprogram i seks modular «rein elev» som omfattar kosthald, dopingmiddel, konsekvensar av bruk av dopingmiddel, motivasjon for doping/kroppspress, og idrett og doping. Dette er klasserombasert undervising, men ikkje berre for elevar. Vi kan ha seminar både for tilsette i skulen og føresette for risikogrupper.

Alle vidaregåande skular i Hordaland kan nytte seg av tilbodet som er gratis.

– Det er lett å integrere antidoping i læreplanar. Eg kan gje forslag til undervisingsaktivitetar, til dømes i naturfag og gymnastikk, helsefremjande fag og idrettsfag. Meininga er at skulane skal ha undervisingsopplegg som dei kan nytte når prosjektperioden er over. Antidopingarbeidet skal leve vidare, seier Ruth Velsvik.