Regional areal- og transportplan vedteken

Fylkestinget har i dag vedteke regional areal- og transportplan for Bergensområdet for perioden 2017-2028. Planen omfattar Bergen og nabokommunane og skal blant anna gje føringar for bustadbygging og næringsareal, kollektivtransport og gode nærmiljøkvalitetar.

Planområdet omfattar kommunane Bergen, Radøy, Meland, Lindås, Askøy, Fjell, Øygarden, Sund, Osterøy, Vaksdal, Samnanger og Os. 

Den regionale planen gjev ei tydeleg retning for regional utvikling av Bergensområdet og peiker ut vekstsoner der hovuddelen av vekst i bustader og arbeidsplassar bør skje. Sjølv om utbygging skal prioriterast i lokale vekstsoner, vert det ikkje utelukka at det også kan opnast for spreidd busetnad i bygdene.

Intensjonsavtale om vekstsoner

I samband med ny kommunestruktur er det inngått intensjonsavtaler som legg opp til fleire vekstsoner enn det som er omtalt i planen. Fylkestinget legg til grunn at desse blir etablert og utvikla i tråd med intensjonsavtalene. I tillegg blir det peika på at det allereie er etablert fleire vekstsoner enn det som kjem fram i planen. Fylkestinget vedtok at Hordaland fylkeskommune snarast mogleg skal ta initiativ til eit samarbeid med dei kommunane som har vedteke å slå seg saman til større einingar, når det gjeld deira særlege problemstillingar i høve areal- og transportplanlegging.

Fylkestinget vedtok også at det vert utarbeidd oppdatert strategiplan for innfartsparkering ved dei viktigaste innfartsårene til Bergen.  

Berekraftige rammer og klimavennleg samfunn

Hovudmålet i planen er å vidareutvikle Bergensområdet som ein konkurransedyktig vekstregion innanfor berekraftige rammer. Her er det mellom anna viktig at det blir lagt til rette for ei samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. I byområdet legg ein opp til eit framtidsretta og miljøvennleg transportsystem der veksten i persontransport skal takast med kollektiv, sykkel og gange. På denne måten legg planen til rette for dei forpliktingar også Hordalandssamfunnet har i forhold til Paris-avtalen om klimagassreduksjon.

Natur, kulturmiljø og landskap

Befolkningsveksten som er venta vil skapa auka press på grøne areal og kulturmiljø. I regional areal- og transportplan ser ein det som viktig med ei langsiktig forvaltning av natur- og kulturminneverdiar for å lukkast med å byggje ein attraktiv og berekraftig region. Arealbruken skal leggje til rette for ein aktiv befolkning med god tilgang på samanhengande natur- og friluftsområde og at kulturminna vert fremja som identitetsskapande ressursar.