Over 16 millionar kollektivreiser i Hordaland i første kvartal

Prognoser tyder på at hordalendingane vil gjennomføre over 70 millionar kollektivreiser i 2017. Dette er langt fleire enn tidlegare rapportert.

Dei siste åra har dei kollektivreisande sitt kjøps- og reisemønster endra seg, ikkje minst som ein følge av innføring av mobilbilletten. Samstundes har ein fått på plass utstyr for automatisk passasjerteljing på transportmidla og ein har ved hjelp av dette utstyret komme fram til ein ny måte å rekne ut tal på reisande som visar at auka i tal kollektivreisande er endå større enn ein tidlegare har gått ut frå.

Fleire reiser kollektivt

– Det er viktig å merke seg at dei auka tala frå 2016 til 2017 skuldast endring i reknemåte og ikkje ein vekst utover den ein har hatt dei seinare åra. Samstundes er det ingen tvil om at den samla veksten i perioden 2010 til 2017 har vore høgare enn tidlegare rapportert. For Bergen og Hordaland er det svært gledeleg å sjå at endå fleire vel å reise kollektivt enn det vi før har lagt til grunn, seier sals- og marknadssjef i Skyss, Hanne Alver Krum.

Nytt teljesystem

Den gamle modellen for å rekne ut tal på påstigande har vore nytta til og med årsrapporteringa for 2016. Denne er basert på billetteringsdata og statistikk for sal, ein faktor for faktisk bruk av periodebilletter i tillegg til valideringsdata.

– I åra frå 2010 og fram til i dag har gapet mellom modell og faktisk tal på reisande etter alt å døme blitt større år for år, med auka bruk av mobilbillett og langt lågare validering av billettar enn før. I Bergensområdet er det nå om lag 60 prosent av kundane som nytter mobilbillett, og desse endringane gjer at tidlegare modell for reisetal ikkje lenger er påliteleg. I den nye modellen er det data frå utstyr for automatisk passasjerteljing som er lagt til grunn, med andre ord har vi gått frå å telje billetter til å telje passasjerar, seier Hanne Alver Krum.

Påstigande passasjerar hittil i 2017 per driftsart 

Skyss_Påstigande passasjerar hittil i 2017 per driftsart.jpg

 

Driftsart Q1 2016 Q1 2017 endring i %
Buss 12 254 511 16 185 852 32,1%
Bane 2 609 867 2 999 919 14,9%
Båt 230 443 263 120 14,2%
TOTALT 15 094 821 19 448 890 28,8%

 

Påstigande passasjerar hittil i 2017 per geografisk område

Skyss_Påstigande passasjerar hittil i 2017 per geografisk område.jpg

 

Geografisk område Q1 2016 Q1 2017 endring i %
Bergensområdet 13 055 783 16 933 589 29,7%
Hordaland eks. bergensområdet 2 039 038 2 515 301 23,4%
TOTALT 15 094 821 19 448 890 28,8%