Mobbeombodet blir permanent ordning

Fylkestinget vedtok i dag at mobbeombodet no blir ein fast stilling i fylkeskommunen etter å ha vore prøveprosjekt i to år. – Vi skal ha nulltoleranse for mobbing, seier leiar for utval for opplæring og helse, Emil Gadolin.

Mobbeombod Mari-Kristine Morberg er svært glad for avgjersla i fylkestinget.

– Det er viktig å ha nokon som held fokus på mobbing i den vidaregåande opplæringa og minner andre om at dette er noko vi må jobbe med til ein kvar tid, seier ho.

Mobbeombodet starta som eit prøveprosjekt i regi av Utdanningsdirektoratet i 2014. Hordaland fylkeskommune var eit av fire fylke som søkte om midlar.

Leiar for utval for opplæring og helse, Emil Gadolin, er også svært glad for at mobbeombodet no blir ein fast stilling.

– Viktigare enn karakterar og skuleprestasjonar, er det at elevane trivst på skulen. Alle ungdommar skal bli møtt med respekt av lærarar og medelevar. Mobbeombodet gjer det mogleg å gjere endå meir for dei elevane som i dag blir mobba.

Enklare å melde saker

Evalueringar av ordninga viser at mobbeombod har sett mobbing på dagsorden og gitt betre kunnskap om mobbing og handtering av mobbing. Skulane oppgir at det er enklare å melde saker etter at ombodet har besøkt skulen. Eit klart fleirtal vil involvere mobbeombodet i mobbesaker i framtida, særleg i svært kompliserte saker.

– Gjennom arbeidet mitt og dei om lag 80 mobbesakane eg har jobba med, ser eg at det er behov for eit mobbeombod, seier Morberg.

Ettersom ho no kan tenkje meir langsiktig ønskjer ho å arbeide med nye kursrekkjer og andre tiltak for å heve kompetansen om mobbing i den vidaregåande opplæringa.

Komplekse enkeltsaker

Mobbeombodet arbeider mot heile den vidaregåande opplæringa i fylket – også dei private skulane. Arbeidet inneber for det første informasjonsarbeid, føredrag og kursverksemd mot skulane – både for elevråd og lærarar.

– Ein annan viktig del av arbeidsoppgåvene mine er enkeltsaker som blir meldt inn både frå lærarar og foreldre om mobbing av elevar og lærlingar. Sakane er ofte tøffe og komplekse. Mange av dei eg snakkar med er takknemlege for at dei kan komme til nokon som lyttar og anerkjenner problema deira, seier Morberg. Ei viktig oppgåve i enkeltsakene er å rettleie dei vidare i skulesystemet, slik at dei kan få hjelp.

Mobbeombodet i møte med elevar

Mobbeombodet er mykje ute på skulane for å snakke med elevar og elevråd.

Ein pådrivar i systemet

Mobbeombodet arbeider også på overordna nivå for at skulesystemet i Hordaland blir endå betre i arbeidet mot mobbing.

– Eg bruker enkeltsakene til å sjå kva som kan gjerast på systemnivå. Det er viktig for meg å heile tida vere ein pådrivar som kvart skuleår minner alle om at mobbing er noko vi må arbeide godt med, seier Morberg.