Miljøpris for plastrydding i strandsona

– Eg er overraska og audmjuk, seier Kenneth Bruvik, Straume, som får Miljøprisen til Hordaland fylkeskommune for arbeidet med å få i gang strandrydding og rette søkelyset på marin forsøpling.

 

Prisen er på 50.000 kroner og vart delt ut på fylkestinget i Hardanger onsdag 14. juni av leiar av utval for miljø og samferdsel i Hordaland, Nils T. Bjørke.

Kenneth Bruvik er eldsjela som starta aksjonen «Frå vik til vik – Rein kyst» etter kvalen, med magen full av plast, stranda på Sotra tidlegare i år.

Pris til alle som har plukka boss

– Miljøprisen er ei vedkjenning av alt arbeidet som er gjort. Det er mange som har vore med på ryddinga, og prisen går til alle som har plukka boss, seier Kenneth Bruvik som takkar Norges jeger- og fiskeforbund, Hordaland som har støtta arbeidet.

MiljoprisIMG_8496.JPG

Kenneth Bruvik får Miljøprisen på 50.000 kroner, eit diplom og blomster av leiar Nils T. Bjørke i utval for miljø og samferdsel.

Juryen peikar på at skal vi klare å rydde strendene, vikene, fjordane og havet fritt for plast, er vi heilt avhengige av alle frivillige som ryddar lokalt og gjer si strand og bukt plastfri. Det har vore eit kolossalt lokalt engasjement etter at kvalen stranda. Prisen går til Bruvik fordi han er ein flott representant for alle dei frivillige som saman med han har rydda strender både før og etter døden til gåsenebbkvalen.

Lokale engasjement

Hordaland fylkeskommune ønskjer å rette søkelyset og gje merksemd til det lokale engasjementet og det private initiativet som trengst for å rydde kysten fri for plast. Difor går prisen til Bruvik, men han er ikkje åleine. Det er mange som har teke tak i søppelsekkane, og det trengst no. Det ønskjer Hordaland fylkeskommune å støtte og styrke ved å gje prisen til Bruvik.

Vanskelegstilt ungdom

Juryen grunngjev og pristildelinga med arbeidet Bruvik gjer med å undervise og leggje til rette for naturopplevingar for vanskelegstilt ungdom.

Juryen for miljøprisen er Nils T. Bjørke (Sp), Marthe Hammer (SV) og Geir Angeltveit (V).