Vil lovfeste nulltoleranse mot mobbing

– Lovendringane er saman med kompetanseheving, støtte og rettleiing viktige satsingsområde i kampen mot mobbing, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då han presenterte det nye lovforslaget til regjeringa på konferansen «Saman mot mobbing» i dag. Mobbeombodet i Hordaland fylkeskommune er med å arrangere konferansen på Sotra saman med Fjell kommune.

Det nye lovforslaget gjeld Opplæringslova og er ei oppfølging av arbeidet til Djupedalutvalet frå 2015 (Å høre til. NOU 2015:2). Forslaget inneber mellom anna ei lovfesting av nulltoleranse mot mobbing. Skulane får ei aktivitetsplikt som inneber at dei skal kunne handle raskt når dei oppdagar mobbing. Regjeringen vil også endre lova slik at kommunar skuleeigarar som ikke følger opp pålegg, kan straffast økonomisk.

40 millionar til kompetanseheving

Forslaget har også endringar når det gjeld klagesaker. Dette inneber at ein kan klage direkte til Fylkesmannen dersom ein ikkje får hjelp eller ikkje får god nok hjelp på skulane.

– Klageadgang kan aldri løyse problemet med mobbing ettersom systemet då allereie har svikta, seier kunnskapsministeren. Han la vekt på at dette er eit samfunnsproblem og at arbeidet må skje i skule og heim lenge før det blir klagesak. Regjeringa vektlegg kompetanseheving i skulen og bevilger 40 millionar til kompetanseheving for neste statsbudsjett.

Kunnskapministeren sa òg at dei er opptatt av kvaliteten i behandlinga av klagesakane og at dei såg på ulike modeller for korleis dei kan sikre dette.

Alle må bidra til gjennomføring

– Det nye lovforslaget inneber ei styrking av barn og unge sine rettar. Å oppfylle lovverket inneber derimot eit kontinuerleg arbeid. Loven er ikkje betre enn vi som jobbar med den, seier mobbeombodet i Hordaland fylkeskommune Mari-Kristine Morberg. Ho legg til at alle må gjere sin del – både tilsette i skulen, skuleeigarar i fylkeskommune og kommune, samt elevane.

– Det eg ser som den viktigaste endringa er at tiltak skal settast inn til barnet har det trygt og godt og at det er skriftleg dokumentasjonsplikt.

Kompetanseheving viktig

Mobbeombodet håpar regelverket skal gjere at elevane skal bli hørt. Det skal bli tydelegare for skulane kva krav som blir stilt, slik at det blir betre for elevane, seier Morberg. Ho seier at dei fleste skulane tar arbeidet med mobbing på djupt alvor, men at i nokre saker blir det ikkje handtert godt nok.

– Kompetanseheving i skulane er derfor ein viktig del av arbeidet ut mot skulane. Ein må vite kva mobbing er og kva for tiltak som virker, seier mobbeombodet.

Konferansen «Saman mot mobbing» er ein del av prosjektet Trygg i Fjell som involverer heile lokalsamfunnet i Fjell kommune. Mobbeombodet i Hordaland fylkeskommune er med å arrangere to dagarskonferansen der både elevar, foreldre, skuletilsette og andre som jobbar med barn og unge deltar.