Kunnskapsministeren møtte lærlingar frå vekslingsmodellen

– Hordaland fylkeskommune er eit godt fagopplæringsfylke og ein bra plass å prøve ut nye modellar for opplæring, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då han møtte tømrarlærlingar frå Slåtthaug videregående skole som tar vekslingmodellen.

Møtet fann stad på byggeplassen til lærebedrifta Byggmester Markhus på Varden skole i Fyllingsdalen.

Namnet vekslingsmodellen kommer av at elevane vekslar mellom å gå på skule og å ha opplæring i bedrift. Allereie det første semesteret er det to praksisperiodar i bedrift, og etter seks månader teiknar ein lærekontrakt. Det er no fire år sidan prøveprosjektet starta i Hordaland og erfaringane er gode.

– Eg har alltid vore veldig positiv til vekslingsmodellen. I dag lærte eg også noko nytt om korleis det praktiske arbeidet ute i bedriftene virker positivt inn på elevane si skuleundervisning, seier Røe Isaksen.

Kunnskapsministeren trekker frem det tette samarbeidet mellom skule og arbeidsliv som spesielt godt med vekslingsmodellen i Hordaland.

– Så lenge krava til bestått fagbrev blir oppretthaldt synes eg godt vi kan ha fleire ulike modellar som lever samtidig, sa kunnskapsministeren.

Teorien blir lettare

– Det å arbeide praktisk ute i bedrift, gjer det mykje lettare å lære teori på skulen etterpå. At eg har tre og eit halvt års læretid gjer dessutan at eg lærer å arbeide på enklare og meir effektive måtar. Dette er igjen lønnsamt for bedrifta, seier Victor Skansen. Han går andre året på vekslingsmodellen og har læreplass hos Byggmester Markhus. Saman med lærlingane Merete Karlsen, Atle Bratland og Johannes Haukeland møtte han ein kunnskapsminister som var interessert i høyre deira meiningar om opplæringsopplegget.

– Eg føler meg meir sjølvstendig og mykje meir klar for å ta fagprøva no enn eg var etter to år, slik dei fleste andre lærlingar gjer, seier Merete som skal opp til fagprøve allereie til våren.

Godt samarbeid med opplæringskontor

Grunnen til at ein etablerte vekslingsmodellen frå starten var at ein ønska eit opplegg som var meir spissa mot sjølve fagbrevet heilt frå starten. Fellesnemnaren for ungdommane som går der er at dei er motiverte og veit kva dei vil bli. For å få plass i ein vekslingsmodellklasse må ungdommane gjennom intervjurunde og ein praktisk prøve.

– Søkjartala til vekslingsmodellen på Slåtthaug vgs er gode. Vi har eit veldig godt samarbeid med arbeidslivet og Byggmestrenes servicekontor er svært flinke til å skaffe lærebedrifter og læreplasser til elevane. Dessutan er vi veldig godt nøgd med elevane våre, seier assisterande rektor ved Slåtthaug videregående skole Stig Haldorsen.

Forutan tømrarfaget kan ein i Hordaland også ta vekslingsmodellen innan frisørfaget på Årstad videregående skole og Helse- og oppvekstfaget på Olsvikåsen videregående skole.