Hurtigladestasjon opna i Meland

– Det er veldig bra at Meland no får på plass eit hurtigladepunkt, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø som i ettermiddag opna den nye hurtigladestasjonen på Frekhaug. Stasjonen er eit samarbeid mellom BKK, Hordaland fylkeskommune og Meland kommune.

– Noko av suksesskriteriet for vidare vekst i tal elbilar er at bruken av elbil er så lett som mogleg. Då må og infrastrukturen vere på plass, seier Pål Kårbø

I tillegg til fungerande fylkesordførar deltok ordførar Øyvind Oddekalv i Meland kommune og Odd Olaf Askeland i BKK. Senterforeninga på Frekhaug delte ut noko godt å bite i og refleksar.

FrekhaugN1000B5455.jpg

Fleire bilar kan ladast samstundes på den nye hurtigladestasjonen på Frekhaug.

Drift og finansiering

Hurtigladestasjonen har vore i bruk i nokre månader, men er først nyleg heilt ferdigstilt med overbygg. BKK driftar og eig hurtigladestasjonen, mens Hordaland fylkeskommune og Meland kommune har stått for mesteparten av finansieringa.

Hurtigladestasjonen er eit viktig steg i retning av utbygging av ladepunkt i Nordhordland. Langs E39 og FV59 har det vore hurtigladetilbod i fleire år: Knarvik, Romarheim og Mongstad. Stasjonen på Frekhaug er i første rekke for reisande til og frå Meland og innanfor kommunen. Den er nyttig for pendlarar som treng meir rekkevidde, til dømes når dei skal bruke elbilen om ettermiddagen, eller handtverkarar i regionen som vil spare miljøet og senke kostnadane i bomringen.

25 av 33 kommunar

Fleire andre kommunar i Hordaland står for tur til å få hurtigladestasjonar. Dette er Askøy, Austevoll, Eidfjord, Osterøy og Radøy. Desse står ferdige i løpet av sommaren. Då vil 25 av 33 kommunar i fylket ha hurtigladetilbod.

FrekhaugN1000B1984.jpg

– Infrastrukturen må vere på plass, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø som ladar den fylkeskommunale elbilen.