Hordaland fylkeskommune og NAV fornya samarbeidsavtale

– Det er vondt å falle mellom to stolar. Gjennom heilskapleg og systematisk samarbeid er fylkeskommunen og NAV med på å sette stolane tettare slik at ungdommar kan lukkast, sa fylkesdirektør for opplæring Svein Heggheim under signeringa av samarbeidsavtalen om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande utdanning.

Underteikninga fann stad under opninga av den årlege fagsamlinga til oppfølgingstenesta og NAV på Terminus Hall i dag. I opningsinnlegga la både Svein Heggheim og fylkesdirektør for NAV i Hordaland Anne Kverneland Bogsnes vekt på at samarbeidet er viktig for å få ungdom til å lukkast.

Utvida

Den nye avtalen er utvida samanlikna med den tidlegare. Dette inneber at den i tillegg til å omfatte elevar som har slutta og blir følgd opp av oppfølgingstenesta, også gjeld lærlingar, lærekandidatar og elevar med spesielle behov som etter skulegang skal inn i tilpassa arbeid gjennom NAV.

– Avtalen inneber eit firepartssamarbeid der både oppfølgingstenesta, fagopplæringa, dei vidaregåande skulane og NAV er med. Det at desse pliktar seg i lag gir ein meirverdi, sa Heggheim. Det heilskapelege samarbeidet handlar om å få lærlingar, lærekandidatar og ungdom i ordinær vidaregåande opplæring til å lukkast.

– Ein del av arbeidet er rett og slett å ha gode rutinar, forstå rolle, samhandle og dele ansvar. Sentralt i avtalen er noko så enkelt som å vite kva for kontaktpersoner vi skal samarbeide med på ulike arenaer, samt ha faste møte, sa Heggheim.

Ulike målgrupper

Han understreka også at utfordingane ein står overfor er differensierte. Dette inneber at ein må sette i verk ulike tiltak for dei ulike målgruppene – dei som står i fare for å slutte på skulen, dei som har vanskar med å få læreplass eller dei som er i ferd med å avslutte skulen og treng varig tilpassa arbeid.

– Samarbeidet er mellom to likeverdige partar. For meg handlar det ikkje isolert om å lukkast med eit eit utdanningsprosjekt, men at flest mogleg ungdom om 10-20 år skal være velfungerande menneske i det norske samfunn.

Fullført vidaregåande utdanning viktigast

I sitt opningsinnlegg fortalte Anne Kverneland Bogsnes at arbeidsløyse hos unge er ei stor utfordring og at NAV satsar tungt på dette.

– Å få fleire til å fullføre det vidaregåande utdanningsløpet er det aller viktigaste for å få ned talet på unge arbeidsledige i fylket. Ungdommane som står i fare for å droppe ut av skulen er heilt avhengige av at vi som hjelpeapparat koordinerer oss og gir eit heilskapleg tilbod. Avtalen bygger opp under det gode samarbeidet og legg til rette for at vi skal kunne utvikle oss og bli betre, sa Bogsnes.