Første narkosetilbod ved tannklinikk

– No kan vi tilby pasientar med angst for tannbehandling (odontofobi) behandling i narkose. Det har vore aukande etterspurnad etter slik behandling, seier Mahmoud Atashgahy, dagleg leiar ved Solheimsviken tannklinikk.

Som den første offentlege tannklinikken i Hordaland kan Solheimsviken tannklinikk tilby tannbehandling i narkose. Då tannklinikken stod ferdig i 2015 var eit eige rom innreia spesielt for slik behandling. Tilbodet i Solheimsviken er eit supplement til eksisterande tilbod på Haukeland universitetssjukehus og Stord sjukehus.

100 000 nordmenn

Statistikk viser at rundt 5-10 prosent av befolkninga slit med tannbehandlingsangst. Det vil seie at rundt 70-100 000 nordmenn har desse problema. Dette er menneskje som år etter år utset tannlegebesøka, og gjerne kjenner pulsen stige berre ved tanken på å gå til tannlegen.

– Vi behandlar pasientar som er prioriterte etter lov og føreskrift. Dette er pasientar i alle aldrar, men mest barn og unge. Vi tar også inn ein del funksjonshemma og demente. Dette er pasientar som vanlege tannlegar gjerne slit litt med å få behandla, fortel Bente Holmgren, overtannlege ved Sentrum tannlegedistrikt.

SolheimsvikenN1000B6568.jpg

Mange er involverte i tannbehandling i narkose. Mahmoud Atashgahy (bak f.v.) er dagleg leiar ved Solheimsviken tannklinikk og den eine av to tannlegar som utfører tannbehandling i narkose, Wenche Kallestad er anestesisjukepleiar og dagleg leiar i Medisin og anestesiservice AS, Camilla Grung  er anestesilege og Linda Heggebø er operasjonssjukepleiar. Ved pasienten tannlege Gunn Ingfrid Sæle og tannhelsesekretær Ann Helen Lid.

Høg bemanning

Tilbodet opna 1. mars. Så langt har pågangen vore stor. Grunna den høge bemanninga som trengst for å gjennomføre slik behandling, har tannklinikken dette tilbodet berre ein dag i veka. Til stades under behandlinga er det anestesilege, anestesisjukepleiar, tannhelsesekretær og operasjonssjukepleiar i tillegg til tannlegen.

Holmgren påpeikar at det er viktig at pasientar blir tilvist frå tannlegen sin, og at dei er undersøkt skikkeleg.

– Dette er pasientar som ofte slit så mykje med å gå til tannlegen at dei gjerne ikkje blir sjekka skikkeleg. Dette gjer det ofte veldig vanskeleg å rekne kor lang tid det tar å behandle pasienten, forklarer Mahmoud Atashgahy, daglig leiar ved Solheimsviken tannklinikk.

Skrekkscenario

Mahmoud fortel vidare at dei har fått eit par skrekkscenario på den korte tida dei har hatt tilbodet om narkose.

– Det kom inn ein 18-åring som vart tilvist til oss med fire hol og ein tann som skulle trekkjast. Då vi gjekk i gang, enda vi opp med 12 hol og 4 tenner som skulle trekkjast. Dette gjorde at arbeidsdagen vår vart lengre enn planlagt.

SolheimsvikenN1000B6532.jpg

–  Så langt har vi hatt stor pågang av pasientar som ønskjer tannbehandling i narkose, seier dagleg leiar ved Solheimsviken tannklinikk, Mahmoud Atashgahy og overtannlege Bente Holmgren i Sentrum tannlegedistrikt.

Kjempenøgde

Mahmoud seier vidare at dei til no har fått kjempegode tilbakemeldingar på tilbodet.

– Då 18-åringen vakna, reiste han seg opp og gav meg ein god klem, og lovde at no skulle han ta mykje betre vare på tennene sine.

Holmgren legg til at dei har veldig høg kvalitetssjekk på tannlegane som får utføre desse operasjonane. Og ein må ha godt dokumentert breiddekunnskap for å få ein slik jobb. For ein kan aldri vite kva som skjuler seg inni ein munn ingen andre får undersøkje.