Eit stort steg i riktig retning

– Dette er eit stort steg i riktig retning for dei som går, syklar eller reiser kollektivt, sa fungerande fylkesordførar Pål Kårbø då han, saman med ordførar Marte Mjøs Persen, opna det nye kollektivfeltet og gang- og sykkelvegen i Fyllingsdalen.

– Dei som syklar, går og reiser kollektivt kjem seg betre fram. Det blir lettare å kome seg til og frå jobb og skule. Vi jobbar for at endå fleire skal kunne gå, sykle eller reise kollektivt. Sidan hausten 2015 har vi fått nær 500 fleire daglege bussavgangar, sa fungerande fylkesordførar Pål Kårbø.

Ordførar Marte Mjøs Persen helsa frå Bergen kommune.

– No har barn og vaksne fått ein tryggare veg. Bussane kjem raskare fram i morgon- og ettermiddagsrushet, og vi har mål av å bli ein skikkeleg bra sykkelby, sa ordføraren i Bergen. Det er rekna ut at bussane sparar frå eitt til tre minutt.

FyllingenN1000B5897.jpg

Den nye gang- og sykkelvegen er 900 meter lang. Den er bygd etter ny standard med tre meter brei gangveg og tre meter brei tofelts sykkelveg.

105 millionar kroner

Det nye veganlegget i Fyllingsdalen har kosta 105 millionar kroner. Det omfattar 1,1 kilometer med nytt kollektivfelt og 900 meter med ny gang- og sykkelveg med forttau.

Kollektivfeltet går frå rundkøyringa i Allestadvegen/Fyllingsdalsvegen og nordover til Skarphaugen og stoppestaden ved Fyllingsdalen videregående skole. Gang- og sykkelvegen går langs Fyllingsdalsvegen, med støyskjerm av betong og glass mellom køyreveg og sykkel- og gangvegen.

FyllingenN1000B6011.jpg

Det nye kollektivfeltet er på 1100 meter og går langs Fyllingsdalsvegen til Fyllingsdalen vidaregåande skole.

Ny standard

Gang- og sykkelvegen er bygd etter den nye standarden med tre meter brei gangveg og tre meter brei tofelts sykkelveg. Glassveggen på 700 kvadratmeter hindrar spruting frå bilvegen/kollektivfeltet. På andre sida av kollektivfeltet er det brukt 1000 kvadratmeter sibirsk lerk som støyskjerm. Det var ikkje ein einaste skade med fråver under anleggsarbeidet.

Prosjektet er finansiert gjennom Bergensprogrammet, som er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Statens vegvesen. Programmet omfattar kollektivtrafikktiltak, gang- og sykkelvegar, miljøprosjekt, tiltak på gatenettet i sentrum, trafikktryggsleikstiltak og nye vegprosjekt.

FyllingenN1000B5927.jpg

Ein glassvegg på 700 kvadratmeter skal skjerme syklande og gåande frå sprut frå bilar og bussar.

FyllingenN1000B5845.jpg

Dei 50 elevane i 6. klasse ved Varden skole underheldt med «Ola Tveiten» av Lillebjørn Nilsen.

FyllingenN1000B5827.jpg

Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø var populær hos elevane i 6. klasse ved Varden skole.