Det største sjøbaserte transportsystem i verda

– Bergen hadde det største sjøbaserte transportsystem i verda, fortalde historikar Dag Bakka jr då utval for kultur, idrett og regional utvikling reiste på synfaring med DS Stord I frå Bergen til Askøy.

Historikaren fortalde at skipa som gjekk frå Bergen til Hordaland og Sogn og Fjordane frå slutten av 1800-talet og langt inn på 1900-talet hadde på det meste 350 anløpsstader.

–  Berre på Askøy, som vi kjem til, var det 40 anløpsstader for skipa frå Bergen. Ingen annan by i verda hadde noko tilsvarande. Dette var unikt, sa Bakka.

– Dette var ein flott tur med DS Stord I. Det var kjekt å kome sjøvegen til Kleppestø, sa utvalsleiar Beate Husa då utvalet vart teke imot av ordførar og rådmann på Askøy.

DSStordN1000B7788.jpg

Ein oppglødd Sigmund Framnes, som både er med i utvalet og er veteranskipsentusiast, i den gamle damesalongen på DS Stord I. No kan både damer og herrar sitje behageleg på fløyelen her.

Overgang frå sjø til land

Skipa batt by og land saman i mange hundre år, men politiske vedtak etter den andre verdskrigen førte til overgang frå sjø til land.

– I 1931 kom den første stortingsmeldinga om transport, og transportmeldinga i 1947 vart eit politisk verkemiddel for overgang frå sjø- til landtransport. På 1950/60-talet, med Schei-komiteen, kom dødsstøyten for båttrafikken, sa Bakka.

Schei-komiteen, leia av fylkesmann Nikolai Schei i Sogn og Fjordfane, la fram eit omfattande forslag til kommunesamanslåing som vart gjennomført. I 1957 var det 744 kommunar i landet. I 1967 var talet 454. Dermed var 390 kommunar vekke.

DSStordfN1000B7871.jpg

Då DS Stord I bakka ut frå Holbergskaien på Bergen hamn, måtte både snøggbåten til Kleppestø og Beffen pent vente.

Bygt i 1913 

Utvalet fekk omvising om bord på DS Stord I. Skipet er bygt i 1913 på Laksevåg Mekaniske Verkstad og levert til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Det gjekk i rute frå Bergen til Sunnhordland, Odda og Stavanger. I 1931 vart skipet ombygt og forlenga. Det er slik det framstår i dag.

Like til 1969 gjekk skipet i fart mellom Bergen og Odda med last og passasjerar. 12 timar tok turen. Over 40 millionar kroner er nytta på restaureringa av skipet. Pengane kjem frå både offentlege og private.

DSStordN1000B7919.jpg

På andre sida av DS Stord I måtte den gamle shetlandsbussen Hitra vente. Den redda mange nordmenn unna tyskarane under den andre verdskrigen.

Levande historie

– Kvifor brukar vi så store midlar på å gjenskape desse gamle skipa. Jo, dei er levande historie, og vi kan levandegjere samfunnsutviklinga. Dei er ein del av kulturlandskapet i Hordaland, sa Dag Bakka jr.

Det kostar to millionar kroner å drive og vedlikehalde DS Stord I i året. Mykje kjem frå billettar og restauranten om bord, men skipet er avhengig av støtte. Hordaland fylkeskommune har gjeve 280 000 kroner til drift og 480 000 kroner til restaurering i år.

5000 dugnadstimar

Alt arbeid med DS Stord I er basert på dugnad. Mellom 40 og 50 personar er med i dugnadsgjengen. Dei legg ned 5000 dugnadstimar i året.