Årstad-elevar underviser åttandeklassingar i koding

Kvar måndag fram til påske underviser elevar frå Årstad vidaregåande skole ungdomsskuleelevar i programmering. – Det er moro å sjå at elevane får til det dei prøver på. Då veit eg at eg klarer å lære faget vidare. Det hadde eg ikkje trudd eg ville klare på førehand, seier elev på vg2 data og elektronikk Anders Åsheim.

Årstad vgs inngjekk i haust eit samarbeidsprosjekt med ungdomsskulane Ytrebygda og Rådalslien. Prosjektet går ut på at elevar på vg2 data og elektronikk underviser åttandeklasseelevar i programmering. Opplegget er ein del av faget «yrkesfagleg fordjupning». Vanlegvis blir elevane utplassert i bedrifter i dette faget, men ettersom elevane i data og elektronikk også går vg3 på skulen, utset ein denne praksisperioden til det tredje året.

Blir tryggare på seg sjølv

Faglærar i data og elektronikk-faget Terje Fjeldsbø seier at prosjektet gjer at elevane lærer på ein heilt ny måte og at undervisninga gjer dei tryggare på seg sjølv.

– Når dei underviser står dei samtidig meir til ansvar for kunnskapen sin. Dette er skjerpande for elevane, seier han. Elevane arbeider sjølvstendig og førebur seg grundig til timane. Dei arbeider omtrent som om ungdomsskulelevane er kundar som har ei bestilling.
Koding og programmering får mykje merksemd for tida og blir rekna som noko det blir stort behov for i åra som kjem.

– Eg ser for meg at det å kunne grunnleggjande programmering i framtida vil være like naturleg å krevje for ein arbeidsgjevar som det å kunne tekstbehandling og bruke rekneark, seier Fjeldsbø. Han legg til at dette vil gjelde for fleire av yrkesfaga der stadig meir skjer elektronisk.
Rektor ved Årstad videregående skole, Rolf Arve Haugstvedt, seier at prosjektet er eit døme på korleis skulen arbeider med å utvikle si eiga opplæring slik at den blir meir relevant for elevane, utan at dei firer på dei faglege krava i læreplanane.

– Vi har fokus på å utvikle tilbod som gir meining og som elevane opplever å meistre. Å få vere lærar for andre er meiningsfult og aukar motivasjon for elevar frå begge skoleslag, seier han.

Elev som får datahjelp i klasserom

– Eg synes det er kjekt å lære programmering, seier Marie som får nyttige innspel av Anders Åsheim om korleis oppgåvene kan løysast.

Må finne sin stil

På Ytrebygda skule arbeider elevane med å programmere ei kule som skal bevege seg innanfor ei rute på skjermen. Det høyrest kanskje enkelt ut, med det inneber mykje kodekunnskap for å få det til.

– Eg lærer også nye ting sjølv når eg skal lære programmering vidare til andre, seier Ruben Tuft. Han synest det kan vere utfordrande å seie rett ut kva som skal gjerast utan at ein blir feiltolka. Dette er også opplevinga til Anders Åsheim.

– Vi er ikkje ekspertar sjølv om vi skal lære faget vidare. Programmering er eit veldig stort felt og noko ein aldri blir ferdig med, seier han og legg til at alle må finne sin eigen måte å lære vidare på for at det skal fungere.

– Alle har sin stil når ein skal lære vidare, nesten som eit fingeravtrykk, seier Åsheim.

For åttandeklassingane er programmering eit valfag. Torstein, Jonas og Henrik trur alle kodekunnskapen er noko dei kjem til å ha god bruk for i framtida.

– Det er kjekt å prøve seg fram og sjå kva som skjer dersom ein gjer endringar i kodane. Målet er å kunne lere programmering, slik at eg kan gjere ting på eiga hand. Dette er noko eg ønskjer å arbeide med når eg blir eldre, seier Henrik.

Samarbeidet mellom skulane Årstad, Ytrebygda og Rådalslien er ein del av Bergen kommune sitt prosjekt Koding i grunnskulen.

Faglærar i data og elektronikk på Årstad vgs Terje Fjeldsbø

– Elevane lærer på ein heilt ny måte og blir dessutan tryggare på seg sjølv av å undervise, seier faglærar i data og eletronikkfaget på Årstad videregående skole Terje Fjeldsbø.