Aktiv og spontan fritid med TT-kortet

– Hadde det ikkje vore for TT-kortet hadde eg blitt sittande mykje heime. Ordninga gjer at eg kan være både spontan og sosial på fritida, seier syttiåtteåringen Jan Helge Jakobsen om den fylkeskommunale transportordninga.

Innbyggjarar i Hordaland som grunna varig sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det offentlege rutetilbodet kan søkje om TT-kortet (Transporteneste-kortet). Kortet gir økonomisk støtte til drosjereiser. Det er totalt 13 830 brukarar av ordninga i Hordaland. Blinde og personar som er avhengig av rullestol er prioriterte brukargrupper.

Gir stor fridom

– Særleg det at eg kan bestille transport på eiga hand, utan å være avhengig av å ha andre med meg, gir meg stor fridom, seier Jakobsen som er blind og rørslehemma.

Han har stor glede av TT-kortet og bruker det mellom anna når han skal besøke familie og barnebarn, gå på vaffelkafé hos blindeforbundet eller til dei faste møta med barndomsvenene på Wesselstuen. TT-kortet gjer at han kan ha ei aktiv fritid.

Frå dør til dør

– Det fine med transportordninga er at eg blir køyrd heilt frå dør til dør. Eg treng ikkje tenke på korleis eg skal finne fram, seier Jakobsen som har nytta seg av støtteordninga heilt sidan starten på syttitalet. Tidlegare fekk han eit hefte med 50 kupongar kvart halvår. I dag er TT-kortet utforma som eit kredittkort der ein får inn ein fast sum pengar to gonger i året. På kvar drosjereise betalar du ein eigenandel på minimum 15 % - resten vert dekka.

– Vi som er handikappa har eit like stort behov for å treffe familie, søsken og barnebarn på fritida som funksjonsfriske, seier han og fortel at TT-kortet gjer at han kan være spontan om noko plutseleg skulle dukke opp. For eksempel dersom nokon ringer og spør om han vil komme over på juleselskap.

– At eg kan ta med ein passasjer i taxien er også bra. Då kan for eksempel kona mi være med. Fordi ho slepp å køyre, kan ho endåtil ta eit glas vin om ho vil når vi er i selskap. På denne måten slepp ho å køyre kvar gong vi skal dra ut på noko saman, seier Jakobsen.