726 000 kroner til utvikling av reiselivsnæringa i Odda kommune

Hordaland fylkeskommune løyver 726 000 kroner til Odda kommune som ein del av prosjektet Totalpakke reiseliv. Det er uvanleg at fylkeskommunen gir pengar til turistinformasjon, men valfartinga til Trolltunga gjer dette naudsynt.

Reiselivsnæringa i Odda og Hardanger er i kraftig vekst, særleg grunna valfartinga til landemerket Trolltunga. Midlane skal gjere reiselivsnæringa betre rusta til å møte den store turiststrøymen.

– Dette inneber å styrke reiselivsnæringa i Odda også på andre område enn det som gjeld sjølve turen til Trolltunga. Ein ønskjer å legge til rette for at turistane får eit breiare tilbod og blir lenger, noko som igjen vil gi meir inntekter til den lokale reiselivsnæringa, seier konstituert næringssjef i Hordaland fylkeskommune Arthur Arnesen.

Betre kapasitet på overnatting og parkering

Eit prioritert område midla skal brukast til er å finne løysingar som gjer at turismen ikkje er til ulempe for dei fastbuande. Dette gjeld for eksempel å ha nok parkeringsplassar, campingplassar og at ein har kapasitet til å handtere avfallssituasjonen som oppstår når så mange menneskje besøker området.

Det er også behov for å endre turistinformasjonen, både når det gjeld lokalitet, tilbod og måten ein kommuniserer på. Det er svært viktig å få gjestane til å forstå at Trolltunga-turen er ekstremt krevjande for dei fleste. Informasjonen slik den framstår i dag er ikkje god nok.

– Det er uvanleg at fylkeskommunen gir pengar til turistinformasjon. Situasjonen i Odda er svært spesiell ettersom det kjem mange turistar frå stader av verda der ein ikkje er vant med å gå i fjellet. Dette har ført til mange redningsaksjonar langs ruta til Trolltunga, seier Arnesen.

Totalpakke reiseliv

Pengane frå fylkeskommunen tildeles etter søknad frå Odda kommune og skal gå til det fireårige prosjektet Totalpakke reiseliv. Midlane som er løyvd frå Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutviklingutvikling i Hordaland 2017, gjeld for det første året av prosjektet.

Totalpakke reiseliv skal utarbeide konkrete handlingsplanar retta mot dei ulike behova til reiselivsnæringa i området. Prosjektet har som mål å gi eit godt tilbod, samt vere eit godt vertskap for dei besøkande til Odda. Dette inneber mellom anna å drive produktutvikling som rettar seg mot alle typar turister. Til dømes innan mat, overnatting, opplevingar, aktivitetar og arrangement.

Eit av måla er å gjere det mogleg å tilby andre aktiviteter enn sjølve Trolltunga-turen. Særleg på tider av året eller på dagar der været er for dårleg til å gjennomføre turen. Mange har dessutan ikkje dei fysiske føresetnadene som skal til for å gå til Trolltunga i det heile.