70.000 færre innbyggjarar

Dei siste fylkesprognosane for utviklinga av folketalet i Hordaland viser ein nedgang på 70.000 innbyggjarar i fylket i 2040 samanlikna med kva som vart forventa i fjor. Kommunane rundt Bergen ligg an til folketalsvekst, medan kommunar i Hardanger får folketalsnedgang.

Dette viser nye tal frå Hordaland fylkeskommune. Folketalet i Hordaland er, trass i nedskri-vinga, venta å vekse med 112.000 innbyggjarar innan utgangen av 2040. Dette er ei auke i folketalet på 22 prosent samanlikna med folketalet i 2015. Men talet er langt lågare enn fjor-årets prognose då ein rekna med at hordalending nummer 600.000 skulle bli fødd om ti år. No må vi vente til 2033 før det skjer. Bakgrunnen for at innbyggjartalet er justert ned blir for-klart med at krisa i oljenæringa har hatt langt større innverknad på innvandringa, og følgelig folketalet, enn anteke.

- Når befolkningsprognosane no viser ei svakare vekst så bekreftar det at vi står i ein alvorleg situasjon. Vi treng høgare sysselsetting på Vestlandet. Vi jobbar aktivt med omstilling i Hordaland fylkeskommune, og det arbeidet må fortsette med full kraft om vi skal klare å motverke lågkonjunkturen, og bidra til vekst både i folketal, sysselset-ting og verdiskaping, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø
Utan innvandring kjem folketalet til å være 560.000 i 2040, som berre er ei auke på om lag 40.000 og kor den største veksten er hos den eldre delen av befolkninga.

- Dette syner at vi er avhengig av innvandring. Vi må gjøre oss attraktive for arbeidsta-karar, både frå andre stader i Norge, men òg frå andre deler av verda, seier Kårbø.

Nedgang i heile Hardanger og delar av Sunnhordland

Det er venta vekst i folketalet i 18 av 33 kommunar og det er kommunane rundt Bergen som er venta å ha størst auke. Her toppar Os, Sund, Fjell, Askøy og Øygarden, medan det i heile Hardanger er venta folketalsnedgang. Nedgang er også venta i fleire kommunar i Sunn-hordland.
Bergen får berre ein liten vekst og det er innbyggjarar over 75 år som vil ha høgast relativ vekst. Dette er i så måte representativt for befolkningssamansetninga i heile fylket, kor det er forventa en kraftig elding av befolkninga.

Behov for 55.000 nye bustader

Gitt denne folketalsutviklinga, vil det vere behov for 55.500 nye bustader i Hordaland innan 2040. 63 prosent av desse vil trengast i Bergen. Her er det forventa størst auke i aleinebu-ande og relativt liten auke i talet par med barn.

Om den framtidige etterspørselen etter bustader er lik den bustadstrukturen vi har i dag, vil det vere etterspørsel etter 27.000 nye einebustader, 15.000 einingar i bustadblokker og 13 000 nye rekkehus/tomannsbustader. Slik analyseavdelinga i Hordaland fylkeskommune ser på dette er det for mange store og arealkrevjande bustader og for få tettbygde bustader til å ta unna folkeveksten. Det vil vere behov for fortetting, då veksten vil bli størst i område som allereie er pressa.