124 millionar kr til idrettsanlegg

Utval for kultur, idrett og regional utvikling har tildelt 124 millionar kroner til idrettsanlegg i fylket. Dette er spelemidlar som skal gå til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Det meste, 109,6 millionar kroner går til ordinære anlegg. Det ligg føre 281 søknader for totalt 428 millionar kroner.

14,6 millionar kroner går til nærmiljøanlegg. Totalt er  det kome søknader frå 115 anlegg for 24,4 millionar kroner.

Oversikt over tildeling til ordinære anlegg (pdf)

Oversikt over tildeling til nærmiljøanlegg (pdf)