– Må tenke internasjonalt

– Hordaland er det klart største eksportfylket i landet. Derfor må vi tenke internasjonalt når vi snakker om kunnskap og behov for framtidig kompetanse, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for regional utvikling. Tysdag arrangerte Hordaland fylkeskommune konferansen «Ny kompetanse for ei ny tid» i Bergen.

– Fylkeskommunen har ansvaret for å tilrettelegge for ei god samfunnsutvikling. For å få til dette er det viktig å skape gode møteplassar for aktørane som skal gjere jobben. Denne konferansen er ein slik møteplass, seier Sandal.

Tema var europeisk samarbeid og om dette kan bidra til å utvikle framtidsretta kompetanse i Hordaland. I prosessen med å lage Regional plan for kompetanse og arbeidskraft involverer fylkeskommunen eit breitt spekter av aktørar frå næringsliv, utdanning og offentleg sektor. På konferansen fekk representantar frå dei tre sektorane saman utveksle erfaringar og sjå korleis ein gjennom internasjonalt samarbeid kan ruste hordalandssamfunnet for framtidige behov.

Starta nytt masterprogram

Blant føredragshaldarane på konferansen var Tanja Hoel, administrerande direktør for næringsklynga NCE Seafood Innovation. Ho representerer ei næring med samarbeidspartnarar over heile verda. Hoel viste korleis Hordaland fylkeskommune bidrog til å starte eit nytt masterprogram om sjømat og havbruksnæringa på Norges Handelshøgskole (NHH).

– Masterprogrammet er eit innovasjonsprosjekt med studentar frå svært mange land. Dette gjorde det nødvendig å komprimere talet på samlingar. Studentane møtes fire gonger over to år, men har jamleg kontakt på nett, sa Hoel. Ho viste også til Ocean Talent Camp (OTC) som kvart år blir arrangert på Amalie skram videregående skole. OTC er ein møteplass og eit pedagogisk opplegg for ungdom som skal ta utdannings- og yrkesval. På arrangementet i haust fekk 5000 elevar frå grunn- og vidaregåande skule lære meir om dei havbaserte næringane og møte representantar frå bransjen.

Ny kompetanse for ei ny tid 2_1000px.jpg

Bård Sandal, fylkesdirektør for regional utvikling, meiner gode møteplassar er viktig for å styrke samarbeidet mellom næringsliv, utdanning og offentleg sektor.

Karriererettleiing for framtida

– At ungdommane får kompetanse som passar med behova i framtida er viktig for både den enkelte person og arbeidslivet. I fylkeskommunen har vi kvar dag ansvar for om lag 17000 elevar, seier Sandal. Han understreker kor viktig det er at ungdommane får rettleiing til å gjere rette val for si eiga karriere, samtidig som samfunnet utdannar kompetansen som trengs i framtida.

– For å få til dette er det avgjerande å samarbeide med aktørar med både grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet, slik at vi kan få gode koplingar mot arbeidslivets behov.

Konferansen «Ny kompetanse for ei ny tid» er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Senter for Internasjonalisering av utdanning (SiU) og Vest-Norges Brüsselkontor.