Oselvarverkstaden på verdarvslista

Oselvarverkstaden er som den første i Norden no sett på UNESCO si prestisjefylte verdsarvliste for immateriell kulturarv, i kategorien beste vernepraksisar. – Ein stor dag for den flotte Oselvarverkstaden og ei tydeleg vedkjenning av riktig fylkespolitiske satsingar, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Heideren til Oselvarverkstaden vart kunngjort på FN-organisasjonen sitt møte i Addis Abbeba torsdag kveld. Kulturdepartementet nominerte i 2015 Oselvarverkstaden til UNESCO si liste over immateriell kulturarv i i kategorien beste vernepraksisar. Den har som mål å hindre at viktige metodar og praksis skal gå tapt. Til no har det berre 12 oppføringar på denne lista.

Framtidsretta initiativ

– Gjennom 20 år har Hordaland fylkeskommune bidrege økonomisk til Oselvarverkstaden. Løyvingane har auka jamt og trutt, heilt fram til i dag. I framlegg til budsjett for 2017 er tilskotet over 1,5 millionar kroner. At Oselvarverkstaden no kjem med på vernelista for immateriell kulturarv viser at dei grepa Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggjarlag tok på 1990-talet var svært framtidsretta. I dag er vi stolte. Vi gratulerar Oselvarverkstaden, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.


Karakteristisk detalj frå Oselvaren: kraftige keipar (åregangar) tilpassa den vêrharde vestlandskysten.

Stiftinga Oselvarverkstaden vart etablert av Hordaland fylkeskommune, Os kommune og Os båtbyggjarlag i 1996. Då løyvde Hordaland fylkeskommune 300.000 kroner til etablering av verkstaden for å vidareføre den gamle båtbyggjarkunsten. Frå 1997 har verkstaden fått 100.000 kroner kvart år av fylkeskommunen. I 2016 gav fylkeskommunen driftsstønad  på 1,4 millionar kroner. I framlegg til budsjettet for 2017 er dette auka til 1,538 millionar kroner.

– Oppføringa på UNESCO si liste er eit stjernedøme på korleis ein gjennom medviten regional kulturpolitikk kan sikre kulturarven i Hordaland og samstundes setje spor etter seg i internasjonal samanheng, seier Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune.

Vidarefører kunnskap gjennom lærlingar

Den klinkbygde trebåten frå områda rundt Bjørnafjorden har tusen år gamle røter. Oselvaren vi kjenner i dag, har vore i bruk sidan 1800-talet, og kunnskapen om byggjeprosessen går i arv frå meister til svein. Den viktigaste oppgåva er derfor å vidareføre tradisjonshandverket mellom anna ved å ta inn lærlingar i båtbyggjarfaget. Båtbyggjartradisjonen i Os er dokumentert 250 år tilbake.

Byggjeprosessen startar med at båtbyggjaren dreg ut i båtaskogen og fell eigna tre. I verkstaden er øks og høvel dei viktigaste verktøya, og sjølv måla byggjarane brukar, er ein eigen vitskap. Før verkstaden leverer ein båt, held byggjarane båtslakt, det vil seie ei kritisk vurdering av kvarandre sitt handverk. Oselvarverkstaden seier sjølv at dei først og fremst produserer båtbyggjarar, dernest båtar. I dag er dei fire båtbyggjarar i Oselvarverkstaden, som alle er lærte opp der.

OselvarN1000B110426.jpg

Ein nyprodusert Oselvar.