Ingen løfte om nye oppgåver

–Det kjem ikkje nye oppgåver til dagens fylkeskommune. Tenk region, og då kjem det nye oppgåver, sa kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner på nyttårsmøtet til fylkesordføraren i Hordaland.

Statsråden innleia til debatt om kommunereforma med fylkesordførarane på Vestlandet. Han kom ikkje med nokon nye oppgåver.
– Dette er ikkje ei reformtid der vi tenkjer alt ferdig i Oslo. Vi vil at fylkeskommunane skal ta leiaransvar. Det er ikkje slik at vi er drivne av reformer, men vi ivrar etter å finne betre løysingar på det vi står overfor. Det er rett og nødvendig å gjennomføre ei regionreform, sa Sanner.

Har ikkje fått svar

Rogaland fylkeskommune sa nei til å slå seg saman med Hordaland og Sogn og Fjordane.
–  Eg ser ikkje ein einaste gulrot i regionreforma, Sanner, sa fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal i Rogaland.
Ho understreka at dei forventar å få nye oppgåver, men har ikkje fått svar på dette.
– Det hadde hjelpt om vi visste kva oppgåver vi får, sa Tengesdal.

Fylkesordførar Jenny Føling i Sogn og Fjordane ventar og svar.
– Vi har ikkje jobba for gøy. Kva blir oppgåvene? spør ho ministeren.

Sogn og Fjordane og Hordaland møtast i januar til nye forhandlingar om ein større og sterkare region.
– Vi står sterkare saman enn åleine. Det er nok av arbeidsplassar som kan flyttast ut av Oslo. Vi vil ha ny fart i utflyttinga, sa fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø.

JanToreSannerN1000B4440.jpg

– Fylkesgrensene må ikkje vere ei hindring. Vi må sjå samanhengen og utnytte ressursane betre. Vi vil få til meir maktspreiing, sa statsråd Jan Tore Sanner.

Skal flytte oppgåver

Men statsråden ville ikkje love konkrete nye oppgåver til ein Vestlandsregion då han stod framføre meir enn 200 deltakarar på nyttårsmøtet.
– Får vi større regionar, skal vi flytte oppgåver og meir ansvar til regionen. Vi skal sjå samanhengen i oppgåvene og løyse dei betre. Vi vil ikkje ha region berre for å ha region, men for å gje innbyggjarane i Norge betre tenester. Vi vil ikkje konsentrere makta rundt Oslo, men desentralisere og spreie makta.

Sanner peika på at ingen andre i landet er så dyktige på samspel mellom kunnskapslivet og næringslivet som Vestlandet.
– Eg trur Vestlandet greier omstillinga og får eit lokalt og regionalt nivå som kan matche verkelegheita. Utfordringane langs kysten heng mykje saman. Samfunnslivet og næringslivet endrar seg, mens strukturane har stått fast i 170 år. Det er vår oppgåve å tilpasse måten vi lever på til samfunnet vi lever i. Vi skal ha samtaler med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, sa Sanner.

Fremje innovasjon

Sanner sa at endring skapar usikkerheit.
– Vi søkjer det trygge. Det som er. Men det som var trygt, er ikkje det som skapar best tryggleik i morgon. Vi må bidra til å skape tryggleik gjennom omstilling og utruste oss til å møte utfordringane.

Statsråden sa at å modernisere offentleg sektor handlar om meir enn struktur, det handlar og om innovasjon.
– Vi må bruke det offentlege til å fremje innovasjon og finne løysingane på dei offentlege utfordringane. Også dei mindre kommunane skal vere sikra betre tenester. Vi må løyse velferdsutfordringane, transport og busetnad. Fylkesgrensene må ikkje vere ei hindring. Vi må sjå samanhengen og utnytte ressursane betre. Sterkare regionar vil gje større balanse i eit langstrakt land, mellom nord og sør, aust og vest. Vi vil få til meir maktspreiing. Vi gjer dette ikkje for å forandre Norge, Norge er forandra, sa statsråd Jan Tore Sanner.

Stor støtte og tillit

På nyttårsmøtet deltok politikarar frå regjering, storting, fylkeskommunane på Vestlandet, kommunar og leiarar frå næringslivet, utdanningsinstitusjonar og forskingsmiljø. Administrerande direktør i Bergen Næringsråd, Marit Warncke, presenterte ei undersøking som viser at det er stor støtte og tillit i næringslivet til store og sterke regionar.