Ingen kategorier er valgt

Filtrer på temaområde

Temaområde

Satsar på kommuneforsking

Forsking

Det skal bli meir kunnskapsbasert innovasjon og utvikling i kommunesektoren. To sentrale aktørar er Regionalt forskingsfond Vestlandet og det nye programmet FORKOMMUNE i regi av Forskingsrådet. Den 20. juni er det prosjektverkstad med hjelp til dei som ønskjer å søkje midlar.

Byvekstavtale med nullvekst i personbiltrafikken

Forhandlingane om ein byvekstavtale for Bergen for perioden 2017-2023 er sluttført. I den har partane forplikta seg til nullvekst i personbiltrafikken. Avtalen går no til godkjenning i fylkestinget og bystyret.

Opna visingssenter for ciderproduksjon

– Hordaland fylkeskommune har stått i spissen, fått pengar frå EU og etablert mange visingssenter for gamle handverkstradisjonar på Vestlandet, seier næringssjef Mette Nora Sætre. I dag opna landbruksministeren og EU-ambassadøren Ciderhuset Économusée som det 13. i Noreg.

124 millionar kr til idrettsanlegg

Kultur Politikk

Utval for kultur, idrett og regional utvikling har tildelt 124 millionar kroner til idrettsanlegg i fylket. Dette er spelemidlar som skal gå til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Skal byggje steinaldersti i Nordhordland

– Dette er eit spennande pilot- og føregangsprosjekt som har stor overføringsverdi, seier leiar Beate Husa, etter at utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland har løyvt 400 000 kroner til å etablere steinalderstien i Fosnstraumen i Austrheim kommune. Her er det spor etter menneske heilt attende til den første busettinga i Noreg.

Opna to nye sykkelparkeringshus

– Det er kjekt at vi har fått sykkelparkeringshus. Eg bur 10 minutt unna, fortel Arild Hermstad. Han var den første som tok sykkelparkeringshuset på Åsane terminal i bruk. Det har plass til 96 syklar og har kosta 1,5 millionar kroner.

Vi har ein plan!

Lurar du på korleis fylkeskommunen arbeider med samfunnsutvikling? Den regionale planstrategien er fylkespolitikarane sitt plandokument og ein overordna plan for utviklinga av hordalandssamfunnet.

Elevar får byråd til å redusere støyen i Bergen

Utdanning

– Vi vil gjere Bergen sentrum meir fredeleg og ta med oss arbeidet de har gjort i den vidare planlegginga av byen, seier byråd Anna Elisa Tryti. Elevar frå Laksevåg videregående skole overrekte i dag eit dokument på åtte punkt om korleis støyen kan reduserast.

– Vi må løyse sakene i lag

– Det hjelper ikkje kor flinke vi er om vi ikkje greier å løyse sakene i lag, sa kommunalsjef Aina Tjosås i Os då forum for regionsenterkommunar i Hordaland etablerte seg i dag. Forumet er for dei 10 regionsentra i fylket, fylkeskommunen, fylkesmannen og Statens vegvesen.

– Vi byggjer Vestlandet

Utdanning

– Vi byggjer Vestlandet, seier elevar ved Os vidaregåande skule. Dei skal bli yrkessjåfør på tunge køyretøy, anleggsmaskinførar eller mekanikar på anleggsmaskinar. 135 nye elevar i desse faga kjem ut frå skulen kvart år til godt betalte jobbar.

Fylkesfalken får fast stad å bu

– Vi har i lengre tid observert fjør og restar av fuglar på taket av fylkeshuset. Men det var først då vi sette opp kamera, at vi oppdaga ein vandrefalk der, fortel driftsleiar Christian Hansen.

Skal hjelpe arbeidslause tilbake i jobb

Næringsutvikling

– Det er tøft og krevjande å vere arbeidslaus. Vi gjer det vi kan for å få arbeidslause tilbake i jobb, sa byrådsleiar Harald Schjelderup då han offisielt opna den nye Mulighetsbanken. Den skal vere eit springbrett for å gje arbeidslause jobb.

Fleire fullfører vidaregåande med studiesenteret

Utdanning

– Hadde det ikkje vore for studiesenteret hadde eg nok ikkje kome vidare med utdanninga mi slik eg gjer no, seier Åsta Eikanger Våge (18). Førti ungdommar følger undervisninga på studiesenteret på Årstad videregående skole dette skuleåret. Dette er ny rekord.

Sjå fleire treff