Tilskot til vilttiltak

Formålet med tilskotsordninga er å medvirke til eit haustbart overskot av viltet.

Aktuelle søkjarar

Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar, institusjonar, kommunar og einskildpersonar

Krav til søknaden

Søkjar må registrere seg som brukar på Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter 
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Om søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart av desse spesifiserast.

Vilkår for tildeling

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Tilrettelegging for og rekruttering til jakt
  • Informasjon om jakt og jaktmoglegheiter
  • Kartlegging av viltressursane og viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar
  • Innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressar i kommunale planar etter plan- og bygningslova
  • Oppretting og drift av lokale samarbeidsråd
  • Deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid
  • Søknader om tilskot til tiltak som inngår som del av ein plan vil bli prioriterte

Søknadsfrist og framgangsmåte

Den årlege søknadsfristen er 15. januar.

Søknad om tilskot skal sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter *

* På sida finn du lenkje til Klima- og miljødepartementet sitt årlege rundskriv om tilskotsordningar. I rundskrivet er det nærare informasjon om kvar dei ulike søknadane om tilskot til viltformål skal adresserast.

Merk at det er søknadar som gjeld haustbare viltartar, unnateke villrein, grågås og kortnebbgås som skal adresserast til fylkeskommunen. 

Profilbilde av Jomar Ragnhildstveit
Jomar Ragnhildstveit
97666576