Søknad om jakt på kystsel

I Hordaland kan du søkje om å jakte på havert. For 2017 er det ei samlekvote på 60 havert i området sør for Stad.

Har du fått løyve til jakt på havert i Hordaland kan du også jakte på grønlandssel i fylket. For havert kan det i områda sør for Stad gjevast jaktløyve i perioden 1. februar - 30. september, og for grønlandssel i perioden 2. januar - 30. september, jf. forskrift om regulering av sel på norskekysten.

Krav til søknad

Alle punkt i søknaden skal fyllast ut og sendast til fylkeskommunen i det fylket du ønskjer å jakte i.
Det vil bli stilt krav om at du har avlagt skyteprøve for storviltjeger.

Kopi av skyteprøve må følgje søknaden. Dersom du hadde fellingsløyve på sel året før og ikkje har sendt inn fangstskjema, vil du få avslag på søknaden om fellingsløyve.

Søknadsfrist og framgangsmåte

Send søknaden til 

hfk@hfk.no eller pr brev til

Hordaland fylkeskommune
PB 7900
5020 Bergen

Ingen søknadsfrist.

Kontaktperson
Profilbilde av Jomar Ragnhildstveit
Jomar Ragnhildstveit
97666576