Viltforvalting, innlandsfisk og sel

Hordaland fylkeskommune forvaltar haustbare, ikkje-truga artar av vilt og innlandsfisk og gjev løyve til felling av kystsel innafor ei årleg kvote.
Det overordna målet for forvaltinga er å sikre vilt og viltet sine leveområde slik at naturen og artsrikdom blir tatt vare på.
Det er også ei målsetjing å sikre ei berekraftig hjortestamme i fylket.

Søknader og tilskot

Bærekraftig hjortestamme

Det er mykje hjort i fylket vårt. For å sikre ei berekraftig hjortestamme, er innsamling av data om hjorten ei viktig oppgåve. Fylkeskommunen og kommunane skal motivere til at jegerane samlar inn gode hjortedata, og at desse blir lagt inn i databasen Hjorteviltregisteret.

- Det store spleiselagsprosjektet i fylket no er "Forvaltning av hjortebestand 2013-2017", der målet er å få ei meir reell bestandsforvalting av hjort, fortel Jomar Ragnhildstveit i Hordaland fylkeskommune.

I åra 2005 til 2014 var hjortebestanden i Hordaland historisk høg, og det blei sett i gang tiltak for å redusere hjortestamma. I Bergen er det eit mål om å redusere bestanden av hjort med 30 prosent fram mot 2020. (Foto: Terje Haugland)