Mineralressursar

Strategi for mineralnæringen

Norsk mineralnæring skal være blant verdens mest miljøvennlige, og aktivt søke fremtidsrettede løsninger

Regjeringa ønskjer at Norge skal vere eit attraktivt land å drive mineralverksemd i. Minerale ressursar er mellom anna jern, stål, kalkstein til sement, papir, pukk, skifer, grus og sand. Hordaland fylkeskommune er regional tilretteleggjar for næringsverksemd som omfattar mineralressursar som uttak av sand, pukk og skifer.

Fylkeskommunen gjev konsesjon til opptak av skjelsand i kystområda og driv utviklingsarbeid for å betre forvaltinga av skjelsandressursane i Hordaland. Dei kartlagde skjelsandførekomstane i Hordaland er større enn i noko anna fylke. Vi har avtale med Kystvakta om oppsyn med skjelsandkonsesjonar.

Konsesjon

Husafjellet i Lindås

Frå steinbrotet på Husafjellet i Lindås kommune blir det kvar veke henta ut 50 000 tonn med stein som blir knust og omgjort til pukk og sand, og nytta til veg-og jernbanebygging i Norge og Europa. Mineralressursar er eit satsingsområde i Norge.