Tilskot til miljøorganisasjonar

Formålet med tilskotsordninga er å fremje lokalt engasjement for miljø, klima og natur i fylket. Aktuelle søkjarar er frivillige organisasjonar med fylkeslag.

Krav til søknaden

Søknaden må innehalde fullstendig utfylt søknadsskjema. Det må opplysast om organisasjonen har fått støtte tidlegare. Årsmelding og rekneskap for fylkeslaget må leggjast ved, saman med rapporteringsskjema. Rapport skal sendast Hordaland fylkeskommune innan 15.februar året etter tildelinga.

Vilkår for tildeling

For å kunne få tilskot må ein dokumentere at ein arbeider med konkrete prosjekt og haldningsskapande tiltak for miljøvern.

Profilbilde av Tale Halsør
Tale Halsør
92206675