Tilskot til lokale klima-og miljøtiltak

Formålet med tilskotsordninga er å fremje lokale initiativ til handling for ei berekraftig utvikling av fylket. Det blir gitt støtte opp til 50 000 kroner.

I særskilde høve kan høgare løyvingar vurderast.

Aktuelle søkjarar

Frivillige lag, organisasjonar, kommunar, grendalag, velforeiningar. 

Krav til søknaden

Søknaden må innehalde utfylt søknadsskjema der alle postar er fylte ut.
Om tiltaket har vore støtta ved tidlegare tildelingar eller andre ordningar i fylkeskommunen, skal dette informerast om i søknaden.
Rapport om tiltaket skal sendast Hordaland fylkeskommune innan 15. februar året etter tildelinga.

Vilkår for tildeling

Ordninga omfattar prosjekt innanfor miljø, klima, natur og biologisk mangfald. Konkrete, handlingsretta tiltak og haldningsskapande arbeid vil bli prioritert.

Profilbilde av Tale Halsør
Tale Halsør
92206675