Tilskot til ladeinfrastruktur 2016

Fylkeskommunen gjev tilskot til bygging av hurtig- og normalladeinfrastruktur for elbil i Hordaland. Søk på ei av våre tre delutlysingar.

Hordaland fylkeskommune støtter etablering av ladestasjonar med følgjande delutlysingar:

  1. Hurtigladetilbod i utvalde region- og kommunesentre
  2. Normalladetilbod i alle kommune- og lokalsentre
  3. Hurtigladetilbod langs RV7  

Dei overordna måla for utlysingane er å utvide ladeinfrastrukturen i fylket for å bidra til auka kjøp og bruk av elbil og anna elektrisk køyretøy og dermed til auka energieffektivitet og reduserte klimagassutslepp frå transportsektoren i samsvar med klimaplan for Hordaland. For å realisere dette tilbyr vi investeringsstønad til etablering av offentleg tilgjengelege ladestasjonar som ein ikkje kan forvente lønnsemd frå, og kor ein ikkje kan forvente etablering utan stønad.

1. Hurtigladetilbod i utvalde region- og kommunesentre

Kva vil vi prioritere? 

  • Dei delar av lademarknaden som er viktige for auka kjøp og bruk av elektriske køyretøy, men ikkje område der det er mogleg å etablere      ladeinfrastruktur på kommersielle vilkår.
  • Stader som ikkje er omfatta av Enova si stønad til nasjonale      transportkorridorar.
  • Ladestasjonar som svarar til standardane skildra i EU si Clean Power for Transport-pakke og kan nyttast av eksisterande og komande elektriske køyrety. 

Konkurranse om utbygging av hurtigladestasjonar på fire stader:

På bakgrunn av kundepotensial og eksisterande hurtigladetilbod prioriterer fylkeskommunen fire utvalde stader.

Søkjarar konkurrerer om stønad til hurtigladestasjon i følgjande regionsenterkommune:

  • Askøy (senter: Kleppestø)

Vidare konkurrerer søkjarar om stønad til hurtigladestasjonar i følgjande kommunar:

  • Austevoll (senter: Storebø)
  • Osterøy (senter: Lonevåg)
  • Radøy (senter: Manger)

Hurtigladestasjonar kan plasserast utanfor kommunesenter viss stadlege omsyn talar for dette. 

Tildelingskriterium

Dei søkjarar som oppfyller krava og søkjar om den lågaste tilskotssummen vinn konkurransen om tildeling av midlar i kommunen det gjeld. Dersom det er avgrensa konkurranse om midlane, kan fylkeskommunen velje å gå i dialog med søkjarar for å gjennomføre ei kvalifisert vurdering av stønadsbehovet eller avlyse konkurransen utan ei nærare vurdering av søknadane. 

Kven kan søkje?

Søkjar må vere registrert i norsk føretaksregister. Søkjarar kan samarbeide med andre ladeoperatørar, eigedomsforvaltarar, handels- og serviceverksemder, kraftselskap med meir i prosjektet. 

Fristar og tidskrav

  • Søknadsfrist er 16. mai 2016 kl. 15.00.
  • Spørsmål til utlysinga kan stillast fram til 2. mai. Fylkeskommunen vil svare innan 9. mai.
  • Sakshandsaminga vil normalt vere ferdig innan utgongen av mai. Viss fylkeskommunen må be om meir dokumentasjon eller informasjon vil      sakshandsaminga ta noko meir tid.
  • Ladestasjonane skal vere dokumentert sette i gang innan 31. august 2016 og ferdig utbygde innan 31. august 2017. 

Vilkår for stønad og utbetaling

Fylkeskommunen kan dekke opptil 100 % av godkjente investeringskostnadar, avgrensa oppover til 200 000 kroner til kvar hurtigladestasjon. Driftskostnader vert ikkje dekt. 

Fylkeskommunen gjev investeringsstønad til prosjekt som er avhengig av stønad for å verte realisert. Vi støttar ikkje prosjekt som allereie er vedtekne gjennomført eller sett i gang. Det er difor viktig å sende inn søknaden før investeringsavgjersla er teken. Kostnadar frå før søknadspunktet vert ikkje støtta.

Støtte vert utbetalt på etterskot. 

Krav til ladestasjonar

Hurtigladestasjonar skal omfatte ladepunkt med følgjande tre standardar:

  • Ladepunkt for AC-lading med minimum 22 kW effekt som oppfyller standardene NEK EN 61851-1:2011 og NEK EN  61851-22:2002.
  • Ladepunkt for DC CHAdeMO med minimum 50 kW effekt, basert på protokoll 1.0 eller nyare og som oppfyller standarden IEC 61851-23:2014.
  • Ladepunkt for DC Combo med minimum 50 kW effekt som oppfyller standarden NEK EN 61851-23:2014 og NEK EN 61851-24:2014.

Det skal vere mogleg å lade samstundes frå minst eitt DC og eitt AC ladepunkt, og punkta kan plasserast samla eller i fleire ladarar på staden. Ladarar må kunne nyttast under alle klimatiske høve på staden. Det skal vere tilstrekkeleg belysning og vern for ver og vind rundt ladaren, slik at tilkobling kan skje tørt og trygt.

Ladarane skal vere tilgjengelege også for ikkje-abonnentar og må difor tilby ålment tilgjengelege betalingsløysingar som kontant, bankkort eller mobiltelefon. Betalingsløysingane skal vere tilgjengelege både for norske og utanlandske kort eller telefonabonnentar. 

Krav til søknad

Søknaden skal innehalde naudsynt informasjon for at fylkeskommunen skal kunne vurdere om krava er oppfylt. Det omfattar ei teknisk skildring av ladarar med tilhøyrande system og ei skildring av deira plassering. 

Enova nyttar ei utfyllande spesifisering av tekniske krav, krav til driftsperioden og kvalifikasjonskrav, sjå lenke. Desse krava gjeld også for denne utlysinga. Søkjar må kunne levere dokumentasjon på dette, viss fylkeskommunen ber om det.

Investeringskostnadar skal spesifiserast i følgjande kostnadspostar:

  • Prosjekteringskostnadar
  • Kjøp og montering av utstyr til ladepunkt
  • Kommunikasjons- og betalingsløysingar
  • Kabelframføring og oppgradering eller etablering av naudsynt transformator
  • Skilting og oppmerking, naudsynt vern mot påkjørsel, vatn og vind
  • Prosjektoppfølging/byggjeleiing

 Berre kostnadar frå etter søknadstidspunktet kan inngå i kostnadspostane. 

Rettsleg grunnlag

  • Fylkeskommunen kan utbetale bagatellmessig stønad til eitt føretak på til saman 200 000 euro over ein periode på dei tre siste regnskapsår (2014, 2015, 2016). Tilskotsmottakar må difor opplyse om eventuelt motteke bagatellmessig tilskot til ladeinfrastruktur i inneverande og dei to siste regnskapsåra.
  • Alternativt har ESA godkjent Enova si førehandsmelding av stønad til infrastruktur for alternative drivstoff. Einskilde tildelingar av stønad i tråd med vilkåra i ei allereie godkjent stønadsordning må ikkje førehandsmeldast. (Kjelde: Fornyings-, administrasjons og kyrkjedepartementet sin "Veileder EØS-avtalens regler om offentlig støtte".) Denne utlysinga av offentleg stønad frå Hordaland fylkeskommune er i samsvar med vilkåra Enova har fått godkjent for stønad til ladeinfrastruktur, og er difor ikkje førehandsmeldt til ESA.

  

2. Normalladetilbod i alle kommune- og lokalsentre

Kva vil vi prioritere?

  • Dei delar av lademarknaden som er viktige for auka kjøp og bruk av elektriske køyrety, men ikkje område der det er mogleg å etablere ladeinfrastruktur på kommersielle vilkår.
  • Offentleg tilgjengeleg normalladeinfrastruktur som styrkar senterstrukturen og ikkje er omfatta av fylkeskommunen eller Enova sin konkurranse for etablering av hurtigladeinfrastruktur.
  • Ladestasjonar som svarar til standardane skildra i EU si Clean Power for Transport-pakke og kan betene eksisterande og komande køyrety.

Konkurranse om utbygging av normalladestasjonar i kommune- og lokalsentre

Søkjarar konkurrerer om stønad til normalladestasjonar i alle kommune- og lokalsentre i heile fylket. 

Tildelingskriterium

Fylkeskommunen vil vurdere nytta til prosjekta etter

  • kundegrunnlag (innbyggjartal i området og tenestetilbod i      senteret)
  • tilgjengeleg ladeinfrastruktur 
  • planlagt ladeeffekt (3 – 22 kW)

Nytta som følgjer av desse tre punkta vil verte vege opp mot tilskotssummen det vert søkt om. Dei søkjarar som oppfyller krava og søkjar om den lågaste tilskotssummen i høve til nytta av prosjektet vil få stønad. 

Kven kan søkje?

Både private firma og kommunar kan søke. Søkjar må vere registrert i norsk føretaksregister. Søkjarar kan samarbeide med kommunar, ladeoperatørar, eigedomsforvaltarar, handels- og serviceverksemder, kraftselskap med meir i prosjektet.

Fristar og tidskrav

  • Søknadsfrist er 16. mai 2016 kl. 15.00.
  • Spørsmål til utlysinga kan stillast fram til 2. mai. Fylkeskommunen vil svare innan 9. mai.

Sakshandsaminga vil normalt vere ferdig innan utgongen av mai. Viss fylkeskommunen må be om meir dokumentasjon eller informasjon vil sakshandsaminga ta noko meir tid.

Ladestasjonane skal vere dokumentert igangsette innan 31. august 2016 og ferdig utbygde innan 31. august 2017.

Vilkår for stønad og utbetaling

Fylkeskommunen kan dekke opptil 100 % av godkjente investeringskostnadar, avgrensa oppover til 25 000 kroner til kvart ladepunkt. 

Krav til ladestasjonar

Normalladestasjonar er ladepunkt for AC-lading med minimum 3 kW effekt som oppfyller standardane NEK EN 61851-1:2011 og NEK EN 61851-22:2002.

  • Ladeplass skal vere offentleg tilgjengeleg, reservert for lading og ikkje reservert for andre kundehøve.
  • Ladeteneste skal vere offentleg tilgjengeleg, eventuelt mot betaling (drop-in-betalingsløysing). 

Krav til søknad

Søknaden skal innehalde naudsynt informasjon for at fylkeskommunen skal kunne vurdere om krava er oppfylt. Det omfattar ei teknisk skildring av ladarar med tilhøyrande system og ei skildring av deira plassering. 

Rettsleg grunnlag

Fylkeskommunen kan utbetale bagatellmessig stønad til eitt føretak på til saman 200 000 euro over ein periode på dei tre siste regnskapsår (2014, 2015, 2016). Tilskotsmottakar må difor opplyse om eventuelt motteke bagatellmessig tilskot til ladeinfrastruktur i inneverande og dei to siste regnskapsåra.

3. Hurtigladetilbod langs RV7

Kva vil vi prioritere?

  • Dei delar av lademarknaden som er viktige for auka kjøp og bruk av elektriske køyrety, men ikkje område der det er mogleg å etablere ladeinfrastruktur på kommersielle vilkår.
  • Stader som ikkje er omfatta av Enova si stønad til nasjonale transportkorridorar.
  • Ladestasjonar som svarar til standardane skildra i EU si Clean Power for transportpakke og kan nyttast av eksisterande og komande elektriske køyretøy. 

Konkurranse om utbygging av hurtigladestasjon langs RV7

Søkjarar konkurrerer om stønad til etablering av ein hurtigladestasjon langs RV7  mellom Vøringfossen (640 m.o.h) og Sysendammen (910 m.o.h) i Eidfjord kommune. Ta kontakt for meir informasjon moglege plasseringar som har vorte utreia tidlegare.

Tildelingskriterium

Den søkjaren som oppfyller krava og søkjar om den lågaste tilskotssummen vinn konkurransen om tildeling av midlar. Dersom det er avgrensa konkurranse om midlane, kan fylkeskommunen velje å gå i dialog med søkjarar for å gjennomføre ei kvalifisert vurdering av stønadsbehovet eller avlyse konkurransen utan ei nærare vurdering av søknadene.

Kven kan søkje?

Søkjar må vere registrert i norsk føretaksregister. Søkjarar kan samarbeide med andre ladeoperatørar, eigedomsforvaltarar, handels- og serviceverksemder, kraftselskap med meir i prosjektet. 

Fristar og tidskrav

  • Søknadsfrist er 16. mai 2016 kl. 15.00.
  • Spørsmål til utlysinga kan stillast fram til 2. mai. Fylkeskommunen vil svare innan 9. mai.
  • Sakshandsaminga vil normalt vere ferdig innan utgongen av mai. Viss fylkeskommunen må be om meir dokumentasjon eller informasjon vil      sakshandsaminga ta noko meir tid.
  • Ladestasjonane skal vere dokumentert sette i gang innan 31. august 2016 og ferdig utbygde innan 31. august 2017. 

Vilkår for stønad og utbetaling

Fylkeskommunen kan dekke opptil 100 % av godkjente investeringskostnadar, avgrensa oppover til 500 000 kroner til ein hurtigladestasjon. Driftskostnader vert ikkje dekt.

Fylkeskommunen gjev investeringsstønad til prosjekt som er avhengig av stønad for å verte realisert. Vi støttar ikkje prosjekt som allereie er vedtekne gjennomført eller sett i gang. Det er difor viktig å sende inn søknaden før investeringsavgjersla er teken. Kostnadar frå før søknadspunktet vert ikkje støtta.

Støtte vert utbetalt på etterskot.

Krav til ladestasjonar

Hurtigladestasjonen skal omfatte ladepunkt med følgjande tre standardar:

  • Ladepunkt for AC-lading med minimum 22 kW effekt som oppfyller standardene NEK EN 61851-1:2011 og NEK EN 61851-22:2002.
  • Ladepunkt for DC CHAdeMO med minimum 50 kW effekt, basert på protokoll 1.0 eller nyare og som oppfyller standarden IEC 61851-23:2014.
  • Ladepunkt for DC Combo med minimum 50 kW effekt som oppfyller standarden NEK EN 61851-23:2014 og NEK EN 61851-24:2014.

Det skal vere mogleg å lade samstundes frå minst eitt DC og eitt AC ladepunkt, og punkta kan plasserast samla eller i fleire ladarar på staden. Ladarar må kunne nyttast under alle klimatiske høve på staden. Det skal vere tilstrekkeleg belysning og vern for ver og vind rundt ladaren, slik at tilkobling kan skje tørt og trygt. 

Ladarane skal vere tilgjengelege også for ikkje-abonnentar og må difor tilby ålment tilgjengelege betalingsløysingar som kontant, bankkort eller mobiltelefon. Betalingsløysingane skal vere tilgjengelege både for norske og utanlandske kort eller telefonabonnentar. 

Krav til søknad

Søknaden skal innehalde naudsynt informasjon for at fylkeskommunen skal kunne vurdere om krava er oppfylt. Det omfattar ei teknisk skildring av ladarar med tilhøyrande system og ei skildring av deira plassering. 

Enova nyttar ei utfyllande spesifisering av tekniske krav, krav til driftsperioden og kvalifikasjonskrav, sjå lenke. Desse krava gjeld også for denne utlysinga. Spesifikasjonen er vedlagt og søkjar må kunne levere dokumentasjon på dette, viss fylkeskommunen ber om det. 

Investeringskostnadar skal spesifiserast i følgjande kostnadspostar:

  • Prosjekteringskostnader
  • Kjøp og montering av utstyr til ladepunkt
  • Kommunikasjons- og betalingsløysingar
  • Kabelframføring og oppgradering eller etablering av naudsynt transformator
  • Skilting og oppmerking, naudsynt vern mot påkjørsel, vatn og vind
  • Prosjektoppfølging/byggjeleiing 

Berre kostnader frå etter søknadstidspunktet kan inngå i kostnadspostane. 

Rettsleg grunnlag

  • Fylkeskommunen kan utbetale bagatellmessig stønad til eitt føretak på til saman 200.000 euro over ein periode på dei tre siste regnskapsår (2014, 2015, 2016). Tilskotsmottakar må difor opplyse om eventuelt motteke bagatellmessig tilskot til ladeinfrastruktur i inneverande og dei to siste regnskapsåra.
  • Alternativt har ESA godkjent Enova si førehandsmelding av stønad til infrastruktur for alternative drivstoff. Einskilde tildelingar av stønad i tråd med vilkåra i ei allereie godkjent stønadsordning må ikkje førehandsmeldast. (Kjelde: Fornyings-, administrasjons og kyrkjedepartementet sin "Veileder EØS-avtalens regler om offentlig støtte".) Denne utlysinga av offentleg stønad frå Hordaland fylkeskommune er i samsvar med vilkåra Enova har fått godkjent for stønad til ladeinfrastruktur, og er difor ikkje førehandsmeldt til ESA. 
Kontaktperson:
Profilbilde av Einar Aalen Hunsager
Einar Aalen Hunsager
40916229