Klimarådet

Klimarådet er ein møteplass for politiske leiarar i Hordaland der dei kan utveksle idear og erfaringar, samarbeide om tiltak og påverke sentrale styringsmakter.

Kva gjer klimarådet?

Klimarådet skal medverke til å nå klimamåla, skape styringseffektar på tvers av kommunar og forvaltningsnivå og gjere klimafylket Hordaland meir synleg, slagkraftig og resultatretta i klimaarbeidet.

Klimarådet tar opp klimasaker generelt og spesielt saker av politisk interesse for Hordaland og hordalandskommunane. Det skal ta opp tiltak i klimaplanens handlingsprogram og kommunale klima- og energiplanar der politisk initiativ kan medverke til betre måloppnåing og resultat.

Klimarådet kan samarbeide med andre nettverk og fora med tilsvarande føremål.

Det er fylkeskommunen som leier klimarådet. Rådet er sett saman av politiske leiarar frå Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, kommunane i Hordaland representert ved dei interkommunale regionråda, kommunar som ikkje deltek i eit interkommunalt råd samt Ungdomens fylkesutval. Kvart organ peiker ut ein fast representant og ein vararepresentant til å delta i Klimarådet.

Faste medlemar

  • Fylkesvaraordførar Pål Kårbø, Hordaland fylkeskommune, leiar
  • Region Vest: ordførar Børge Haugetun, Øygarden kommune, varaordførar Tom Georg Indrevik, Fjell kommune.
  • Nordhordland: ordførar Karstein Totland, Masfjorden kommune, ordførar Jarle Skeidsvoll, Osterøy kommune
  • Bergensalliansen: ordførar Wenche Tislevoll, Fitjar kommune, ordførar Jorunn Skåden, Sveio kommune
  • Hardanger: ordførar Ingebjørg Winjum, Granvin kommune, ordførar Jon Larsgard, Jondal kommune.
  • Voss: varaordførar Sigbjørn Hauge, Voss kommune
  • Bergen: Julie Andersland, byråd Bergen kommune 
  • Ungdommens fylkesutval: Martin Virkesdal Jonsterhaug

Møter

7. november 2016. kl 10 - 14.30. Klimaråd Østfold kjem på besøk. Møtestad: Grand Hotel Terminus

Møtereferat og presentasjonar

7. november 2016:

Referat frå klimarådet 7. november (pdf)

Presentasjon Tage Pettersen, Klima Østfold (pdf) 

Presentasjon av Klimaråd Hordaland (pdf) 

Presentasjon Einar Aalen Hunsager - Lågutslepsssamfunnet på veg (pdf)

Presentasjon Klima Østfold - Erfaringer fra Østfold med tilrettelegging for lav- og nullutslippskjøretøy (pdf)

Presentasjon Oddmund Sylta - Miljøstrategien til Skyss (pdf)

5. september 2016:

Referat frå klimarådet 5. september (pdf)

Presentasjon. Lyntogforum - Vestlandsbanen over Haukeli, Thor W. Bjørlo (pdf)

Presentasjon Thor Furevik, Bjerknessenteret(pdf)

Presentasjon Erik Kolstad - Hordaklimprosjektet (pdf)

23. mai 2016:

Referat frå klimarådet 23. mai (pdf)

Presentasjon Even Husby - Miljø Bergen havn (pdf)

Presentasjon Per Vikse - Renere havn Bergen (pdf)

Presentasjon Vegard Frihammer - Greenstat AS (pdf)

2. mars 2016:

Møtereferat frå klimarådet 2. mars 2016 (pdf)

Presentasjon Hege Økland - NCE Maritime CleanTech (pdf)

Presentasjon Magne Heimvik - SKL, vasskrafta sin plass i det grønne skiftet (pdf)