Energi, miljø og klima

Klimaplan for Hordaland 2014-2030

Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland

Sjå planen

Hordaland fylkeskommune skal bidra til mindre utslepp av klimagassar, og også bidra til ein klimavenleg og meir effektiv energibruk.

Samferdsel er den sektoren fylkeskommunen har størst innverknad på når det gjeld utslepp. I tillegg til kollektivtransport fremjar vi samkøyring og lågutsleppsløysingar på vegen.

Vi er også pådrivar for å etablere ladestasjonar for elbilar i heile fylket.

Fylkeskommunen er vassregionsmyndigheit for Hordaland og har ansvar for regional plan for vassforvalting. Formålet med planen er å sikre god miljøtilstand i vassdrag, innsjøar, grunnvatn og kystvatn.

Vi bidreg til klimavenleg utvikling gjennom direkte føringar, rådgjeving, miljøsertifisering, løyve og finansieringsordningar.

Hordaland fylkeskommune er høyringspart i alle kraft og nettutbyggingar og gjev løyve til utbygging av vasskraftverk inntil 1 MW utanfor verna vassdrag.

Søknader, rettleiing og verktøy

Både næringsliv,enkeltpersonar og organisasjonar kan søkje om tilskot til klimaretta tiltak.

Best i klassen på el-bil

På få år har Hordaland ikkje berre blitt best i elbil-klassen i Noreg, men har no verdas høgaste del elbilar av alle nye bilar som vert seld. Årsaka er blant anna ei sterk satsing på utbygging av infrastruktur for hurtiglading av elbil. Fylkeskommunen har vore pådrivar, planleggjar og koordinator.

Reint vatn og god vassøkologi i Hordaland

Fylkeskommunen leiar planarbeidet for reint vatn og god vassøkologi i alt ferskvatn og kystvatn i fylket. Målet er å sikre god økologisk og kjemisk tilstand i alle vassførekomstar i fylket. Arbeidet følgjer opp vassforskrifta som er Noregs svar på EU sitt vassrammedirektiv.