Søknad akvakultur i landbaserte anlegg

For å kunne drive akvakultur i landbaserte anlegg i Hordaland må det søkjast om løyve på eige søknadsskjema. Søknadsskjemaet omfatter akvakultur i landbaserte anlegg, men omfatter også ulike dammar og kunstige pollar i ferskvatn for akvakulturformål.

Krav til søknad

Alle punkt i søknaden skal fyllast ut. Søkjar har ansvar for at søknaden inneheld alle naudsynte opplysingar. Ufullstendige søknader forsinkar søknadsprosessen og kan bli returnert til søkjar. Søkjar må syte for at søknaden blir lagt ut til offentleg innsyn og kunngjort.

Saksbehandlingsgebyr

Gebyret er 12000 kroner per søknad. Dokumentasjon for at gebyr er betalt skal leggjast ved alle søknader. Søknader som det ikkje er betalt gebyr for, vil ikkje bli behandla. Det skal betalast eit gebyr pr. søknad.

Saksgang

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen som sender søknaden vidare til kommunen og sektorstyresmaktene for vurderingar.
Mattilsynet avgjer søknaden etter matlova. Kystverket avgjer søknaden etter lova om hamn- og farvatn, og Fylkesmannen si miljøvernavdeling avgjer søknaden etter forureiningslova. NVE avgjer søknaden etter vassressurslova. Fylkeskommunen gir til slutt ei samla vurdering om ein kan gi løyve etter akvakulturlova.

Framgangsmåte for å søke

Rettleiing for å søke, og informasjon om søknadsprosessen

Profilbilde av Endre Korsøen
Endre Korsøen
91764632
Profilbilde av Trond Olav Wahl
Trond Olav Wahl
40916223
Profilbilde av Vibeke Saure Lokøy
Vibeke Saure Lokøy
93249179