Søknad akvakultur i flytande anlegg

For å kunne drive akvakultur i flytande anlegg i Hordaland må ein søke om løyve til dette.

Krav til søknad

Alle punkt i søknaden skal fyllast ut. Søkjar har ansvar for at søknaden inneheld alle naudsynte opplysingar. Ufullstendige søknader forsinkar søknadsprosessen og kan bli returnert til søkjar. Søkjar må syte for at søknaden blir lagt ut til offentleg innsyn og kunngjort.

Saksgang

Søknaden skal stilast til fylkeskommunen som sender søknaden vidare til kommunen og sektorstyresmaktene for vurdering. Fylkeskommunen vurderer om ein kan gi løyve etter akvakulturlova.
Mattilsynet avgjer søknaden etter matlova. Kystverket avgjer søknaden etter lova om hamn- og farvatn, og Fylkesmannen si miljøvernavdeling avgjer søknaden etter forureiningslova. NVE avgjer søknaden etter vassressurslova. Fylkeskommunen gir til slutt ei samla vurdering om ein kan gi løyve etter akvakulturlova.

Saksbehandlingsgebyr

Saksbehandlingsgebyret for å søke om akvakulturløyve er 12.000 kr. Gebyret må vere betalt før søknaden blir behandla, og kvittering må leggjast ved.
Ved søknad om samlokalisering skal det betalast eit gebyr pr. søkjar pr. lokalitet.
For fiskarar som søkjer om løyve til oppbevaring av eigen fangst som ledd i akvakulturverksemd er gebyret på 3.000 kr. Endringar på lokaliteten som går utover gjeldande løyve, vil normalt innebere krav om ny søknad. I tillegg til sakshandsamingsgebyret vil det også bli kravd gebyr for saksbehandling etter forureiningsforskrifta. Fylkesmannen vedtar kva gebyrsats som gjeld for kvar enkelt søknad.

Framgangsmåte for å søke

Komplett retteleiar om krav til søknad

Søknadsskjema skal sendast til Hordaland fylkeskommune,
Agnes Mowinckelsgate 5,
5008 Bergen.

Profilbilde av Endre Korsøen
Endre Korsøen
91764632
Profilbilde av Trond Olav Wahl
Trond Olav Wahl
40916223
Profilbilde av Vibeke Saure Lokøy
Vibeke Saure Lokøy
93249179