Bremnes-modellen - prøveordning i norsk lakse- og aureoppdrett

Nytt tilbod om auka fleksibilitet for betre utnytting av eksisterande produksjonskapasitet etter forskrift om innføring av Bremnes-modellen. Dette er ei ny prøveordning i norsk lakse- og aureoppdrett og har kort søknadsfrist.

Tilbodet gjeld høve til fleksibel utnytting av eksisterande løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Det vert opna for større fleksibilitet for alminnelege kommersielle løyve samt for utviklingsløyve.

Fleksibiliteten vert tilbydd ved at grensa for kor mykje maksimalt tillaten biomasse som kan stå i sjøen kan aukast i den beste tilvekstperioden, mot at den vert senka i resten av året. Prøveordninga varer i tre år, fram til 31. desember 2019.

Aktuelle søkjarar

Innehavar av løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure og innehavarar av utviklingsløyve som ønskjer auka fleksibilitet skal sende søknad til fylkeskommunen i det fylket løyvet høyrer heime. Løyvet høyrer heime i det fylket som følgjer av registreringsnummeret, sjølv om lokalitetane ligg i andre fylke.

Innehavarar av desse løyva kan endre løyva si avgrensing av maksimalt tillaten biomasse i samsvar med tabell nedanfor.

Krav til innsending og søknad

Søknaden må vere sendt seinast 1. september 2016.Det er berre tillate å sende søknaden med rekommandert brev, eller elektronisk. Oppmøte hos den einskilde fylkeskommune, anten personleg eller ved fullmektig, er og tillate. Ved oppmøte skal søknaden vere motteken seinast 1. september klokka 15.00.

For søknader tildelt etter 1. august 2016, gjeld ein søknadsfrist på to månader frå løyvedokumentet er skrive ut.

Søknaden skal merkast med «Søknad om innføring av Bremnes-modellen». Søknaden skal skrivast på fastsett skjema og innehalde kvittering på innbetalt vederlag. Søknaden må og innehalde informasjon om kva for løyve søknaden gjeld.

Det er søkjar sitt ansvar at søknaden kjem fram til rett fylkeskommune innan søknadsfristen. Søknader som blir levert for seint, blir ikkje handsama.

Det skal ikkje betalast sakshandsamingsgebyr for søknad om innføring av Bremnes-modellen. 

Vederlag

Vederlaget for innføring av Bremnes-modellen er sett som følgjer:

  • For løyve i Troms og Finnmark, som er avgrensa til 945 tonn maksimalt tillatt biomasse, er vederlaget 1 500 000 kroner.
  • For løyve i resten av landet, som er avgrensa til 780 tonn maksimalt tillatt biomasse, er vederlaget 1 500 000 kroner.
  • For løyve som er avgrensa på annan måte, er vederlaget 1923 kroner per tonn løyvet er avgrensa til.

For løyve som er tildelt etter 1. august 2016 gjeld vederlaga gitt ovanfor, men slik at vederlaget vert inflasjonsjustert. Storleiken på vederlaget vert redusert etter inflasjonsjusteringa etter kor lang tid som er igjen av prøveperioden. Vederlaget skal betalast til Fiskeridirektoratet, økonomiseksjonen, postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen, kontonummer 7694 05 09048, og vere merka med "Vederlag 2016 – [nummer på løyvet]".

Vilkår

Dersom innehavar av løyvet får endra løyvet si avgrensing etter innføring av Bremnes-modellen, gjeld denne avgrensinga frå vedtakstidspunktet, likevel tidligast 1. august 2016 og fram til 31. desember 2019. Det er likevel ikkje til hinder for at kapasiteten kan endrast i eller i medhald av akvakulturlova.

Innehavar av løyvet kan fram til 1. september 2018 når som helst melde frå til Fiskeridirektoratet om at innehavaren ønskjer at løyvet vert tilbakeført til avgrensinga denne hadde på vedtakstidspunktet, jf. § 7. Ved slik melding vert ikkje innbetalt vederlag refundert, og løyvet kan ikkje meldast inn i prøveordninga att.

Merk at vedtak etter denne forskrifta ikkje inneber utviding av lokalitetsbiomasse. Eventuell utviding på lokalitetsnivå må søkast om etter laksetildelingsforskrifta på vanleg måte.

Innføring av Bremnes-modellen vil og kunne krevje søknad om endring av driftsplan, jf. akvakulturdriftsforskrifta § 40.

Informasjon om søknadsprosessen

Tilbodet om auka fleksibilitet vert handsama i det fylket løyvet høyre heime. Tilbodet er ikkje ei ordning med eit avgrensa tal tildelingar. Søknadane vil difor bli handsama fortløpande etter mottak. Dersom søknaden oppfyller forskriftsvilkåra fattar fylkeskommunen positivt vedtak. 

Tabell for maksimalt tillaten biomasse (pdf)

Søknad ved bruk av e post, brev eller personleg frammøte (pdf)

Forskrifta om innføring av Bremnes-modellen

Forskrifta om innføring av Bremnes-modellen les du om på Fiskeridirektoratet sine nettsider.

Forskrifta Bremnes-modellen

Kontaktperson
Profilbilde av Vibeke Saure Lokøy
Vibeke Saure Lokøy
93249179
Kontaktperson
Profilbilde av Trond Olav Wahl
Trond Olav Wahl
40916223
Kontaktperson
Profilbilde av Endre Korsøen
Endre Korsøen
91764632