RULL-midlane

RULL-midlane inneber tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanse for landbruket i Hordaland. Det er eit overordna mål at ordninga skal bidra til rekruttering og utdanning av næringsutøvarar som kan ivareta og styrkje verdiskapninga i landbruket regionalt.

Det kan søkjast tilskot til tiltak som bidreg til å styrke rekrutteringa til de offentlige og private naturbrukslinjane på dei vidaregåande skulane.

Aktuelle søkjarar

  • Lag
  • organisasjonar
  • nettverk av aktørar.

Enkeltbønder, eller enkeltforetak kan ikkje søkje på midlane.

Søknadsfrister

Søknadsfristar er 15. april og 15. oktober (årleg).
Det vert fatta vedtak i løpet av mai og november i søknadsåret.

Søknadar som vert sendt inn etter fristen, vert i hovudsak handsama i forbinding med første påfølgjande søknadsrunde.

Krav til søknaden

Alle søkjarar skal søkje elektronisk gjennom tenesta Regionalforvaltning.no.

  • Gjennomføring av kompetanseutvikling og kompetansehevande tiltak innanfor tradisjonelt landbruk og nye næringar, herunder støtte til etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesutøvarar i landbruket. Det kan også gjevast stønad til kompetansetiltak som gir vaksne med annen vidaregåande utdanning grunnleggande landbruksutdanning
  • Prosjekt/ tiltak knytt til rekruttering innan landbruksnæringa.
  • Tiltak som bidreg til å styrke rekrutteringa til de offentlige og private naturbrukslinjene til den vidaregåande skulen.
  • Arbeid knytt til likestilling i landbruket.

Vilkår for tildeling

Det vert oppmoda om at alle kurstilbod gjerast kjent på www.landbrukskurs.no

Bruken av midlane skal forankrast i RULL-strategien for Hordaland

Profilbilde av Heidi Bjønnes Larsen
Heidi Bjønnes Larsen
99613868