Marine næringar - Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)

Gjennom tilskotsordninga Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland kan ein søke om midlar til utviklingstiltak innan marin sektor i Hordaland. Gode utviklingsprosjekt som ikkje er direkte næringsretta kan også få støtte. Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland er forankra i Regional næringsplan for Hordaland 2013-2017.

Aktuelle søkjarar

Målgruppa for programmet er private og offentlege utviklingsaktørar som Hordaland fylkeskommune samarbeider med.

Kven kan ikkje søke:

  • Bedrifter og etablerarar: bedriftstøtte og støtte til etablerarar vert forvalta av innovasjon Noreg.
  • Privatpersonar kan ikkje søke om støtte.

Krav til søknad

Søknadar skal sendast inn elektronisk gjennom det nettbaserte søkesystemet RF 13.50 og skal innehalde:

  • Ein omtale av tiltaket det søkast om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
  • Forventa resultat.
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan.
  • Søknadssum.
  • Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.

Søkjaren skal opplyse til tilskotsforvaltar om føretaket har mottatt offentlig støtte, og eventuelt etter kva avgjerd, for det inneverande året og dei to siste regnskapsåra. 

Vilkår for tildeling

Det kan søkast tilskot til prosjekt/tiltak som oppfyller følgjande  kriteriar:

  • Er i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for distrikts- og regionalpolitikk.
  • Kan synleggjere distrikts- og regionalpolitisk verknad.
  • Har god kvalitet og kor søkar har gjennomføringsevne.
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet medverkar til å oppretthalde eit tilbod.

Midlane kan ikkje dekke:

  • Drift av næringsverksemd eller organisasjonar.
  • Kausjon eller anna økonomisk garanti.
  • Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital.
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt.
  • Drift av eller investeringar i statlige, fylkeskommunale og kommunale lovpålagte oppgåver utført av fylkeskommunen, kommunen eller andre.
  • Å avsette midlar til uspesifiserte fond. Delegerte midlar til kommunar og regionråd, eventuelt andre forvaltarar vert ikkje rekna som fond.
  • Politikkførebuande aktivitetar internt hos forvaltar eller i regi av forvaltar, medrekna kjøp av tenester i samband med utforming av nye tiltak og lovpålagte eller eigeninitierte plan- og strategiprosesser.

Bokstav a, b og c gjeld ikkje for tilskot Innovasjon Norge løyver.

Generelt gjeld at midlane skal nyttast i tråd med Regional næringsplan for Hordaland og Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH). 

Seniorrådgjevar
Profilbilde av Siri Hanson
Saksbehandlar
Profilbilde av Inge Døskeland
Inge Døskeland
97698358