Bransjar med særskilt fokus

Regional næringsplan for Hordaland 2013-2017:

Kunnskap og kompetanse frå, utvikling av, og integrasjon mellom eksisterande næringar, kan leggje grunnlaget for nye berekraftige næringar

Regional næringsplan for Hordaland (pdf)

Hordaland fylkeskommune ønskjer ein posisjon som ein innovativ region i Europa. Bransjar med særlege føremoner knytt til vekstpotensial, innovasjonsevne, internasjonal konkurransekraft og omstillingsevne har derfor særskilt fokus.

Desse næringane har særskilde føremoner i Hordaland, og har potensiale for vekst og internasjonal utvikling.

Dette er næringar innan maritim og marin sektor, energi og reiseliv.  I tillegg har fylkeskommuen fokus på  landbruk og lokalmat som ei viktig distriktsnæring, og media og kulturbasert næringsliv som har stor innovativ kraft.

For å styrke satsingsnæringane bidreg fylkeskommunen med finansielle tilskot, rådgjeving og tilrettelegging. Vi støttar private og offentlege utviklingsaktørar som Hordaland fylkeskommune samarbeider med. 

Tilskotsordningar

Her kan du søkje om tilskot til bransjeretta næringar som maritime og marine næringar, energisektoren, reiseliv, landbruk og medie-og kulturbasert næringsliv

Suksesshistorier

Gratis utdanning for bønder

- Agronomutdanninga på Stend er eit topp studietilbod, fortel Sondre Skeie. 22 åringen frå Bulken er ein av fleire hordalendingar med odelsrett som får gratis vaksenutdanning ved Stend vidaregåande skule, betalt av Hordaland fylkeskommune.

Agronomutdanninga på Stend vidaregåande skule, som er gratis, er nettbasert med samling ein gong i månaden. Målsetjinga med utdanninga er å gje eit tilbod til vaksne som har odelsrett. 

– Utdanninga har vore ein suksess frå dag ein, seier Heidi Bjønnes Larsen i Hordaland fylkeskommune. Interessa for å ta utdanninga er stor, og vi har faktisk hatt fleire søkjarar enn plassar, fortel ho.

For Sondre Skeie er utdanninga på Stend reine kinderegget. - Eg lærer noko nytt, og får eit anna perspektiv på det å rive gard. 

Fylkeskommunen avgjerande for NCE-status

 - Hordaland fylkeskommune var heilt avgjerande for å oppnå status som nasjonalt ekspertsenter for sjømat. Det seier adminstrerande direktør Tanja Hoel i The Seafood Innovation Cluster. Fylkeskommunen har bidratt med kompetanse og finansiering i søknadsprosessen.

- Hordaland fylkeskommue har vore ein viktig bidragsytar i form av kompetanse og kapasitet, og ikkje minst i form av finansiering, understrekar Tanja Hoel. The Seafood Innovation cluster fikk 450 000 kroner frå fylkeskommunen i samband med søknadsprosess og prosjektutvikling.

- Ei viktig oppgåve for fylkeskommunen er å bidra til nye klynger, seier Siri Hanson i Hordaland fylkeskommune. Løyvingane til NCE er gitt gjennom Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH).