Tilskot til omstilling innanfor petroleumsindustrien på Sør- og Vestlandet

20 millionar kroner er i 2016 øyremerkt til omstillingstiltak for leverandørindustrien knytt til petroleumssektoren på Sør- og Vestlandet.

Midla har som hovudmål å medverke til å realisere flest mogeleg konkrete tiltak og prosjekt for å møte utfordingane i petroleumsindustrien. Dei skal brukast målretta både til å handtere konsekvensane av auka arbeidsløyse som fylgje av permitteringar og oppseiingar i petroleumssektoren, og til å styrkje og vidareutvikla bedrifter innan sektoren. Forsterking, fornying og nyskaping er underliggande utviklingsstrategiar for verkemidlane.

Geografisk område

Midla kan nyttast til prosjekt og tiltak på Sør- og Vestlandet. Alle kommunane i Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal inngår i virkeområdet for ordninga.

Kven kan søkje

Alle offentlige og private aktørar, klynger og bedriftssamanslutningar, og ande organisasjonar med prosjekt og tiltak knytt til omstillingsutfordringane for leverandørnæringa til olje- og gassindustrien kan søke.

Enkeltbedrifter kan normalt ikkje søke om støtte til bedriftsinterne tiltak. Slike søknader skal gå til Innovasjon Norge. For særskilte omstillingstiltak av stor samfunnsmessig interesse og som ikkje kan støttast av Innovasjon Norge eller andre offentlege finansieringskjelder, kan støtte med omstillingsmidlar vurderast. I slike tilfelle ber vi om å bli kontakta i forkant. 

Privatpersonar kan ikkje søke.

Søknadsfrist

Søknader som er mottatt innen onsdag 1. juni vil bli handsama samla. Søknadar som kjem inn etter denne datoen blir vurdert fortløpande.

Kva kan støttast

Prosjekta kan enten vera bedrifts- og bransjeretta eller individretta, dvs. retta mot personar som er råka av omstillingsutfordringane.

Aktuelle tiltak vil vera knytt til fylgjande innsatsområde:

  • Støtte til tilretteleggande tiltak for leverandørbedrifter som ønskjer å nå ut i nye marknadar med sine produkt eller som ønskjer å utvikle nye produkt/ tenester for andre sektorar.
  • Kompetansehevande tiltak for dei som ønskjer å styrke/ løfte kompetansen sin for å kunne gå inn i nye bransjar eller offentleg verksemd.
  • Tilrettelegging/ fellestiltak for etablering av nye leverandørbedrifter i olje- og gassektoren. For direkte etablerarstøtte må søkar kontakte Innovasjon Noreg.
  • Målretta innsats i område/ lokalsamfunn med mange arbeidsledige frå leverandørindustrien, lågterskel tilbod.
  • Fellestiltak for å støtte leverandørbedriftene med kompetanse- og/ eller strategiressursar i val av omstillingsstrategi.

Midla skal nyttast som utløysande delfinansiering av konkrete tiltak og prosjekt knytt til kompetanseheving, omstilling, innovasjon og nyskaping. Midla vil i hovudsak bli nytta til tilretteleggande tiltak.

Støttenivå

Normal finansiering vil vere inntil 35 % av godkjente prosjektkostnader, men 50 % finansiering kan vere aktuelt i særskilte tilfelle. Eiget arbeid/ eigeninnsats kan inngå i kostnadsgrunnlaget med ein timesats på inntil 1 promille av årslønn, maksimalt kr 900,- pr. time. På grunn av relativt små rammer (totalt 20 mill kr for 2016) ber vi om at søkjarar som planlegg større fylkesoverskridande prosjekt eller program tar kontakt med oss i samband med søknadsprosessen.

Tildelingskriterier

  • Vere i tråd med dei krav og prioriteringskriteria som er fastsett i dei strategiske føringane for verkemiddelbruken. Desse føringane kan bli justert undervegs i tråd med prioriteringar frå styringsgruppa.
  • Må synliggjere medverknad knytt til omstillingsutfordringane for målgruppa. 
  • Har god kvalitet og søkjar har god gjennomføringsevne.
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet medverkar til å oppretthalde eit tilbod. 
  • Tiltaket/ prosjektet må starte opp så raskt som mogleg i 2016.

Krav til søknaden

Alle søknadar skal sendast inn elektronisk på www.regionalforvaltning.no, bruk søknadsmalen. Søknadsordninga er "Tilskot til omstilling innanfor petroleumsindustrien på Sør- og Vestlandet".

Søknaden skal minimum omtale følgjande:

  • Ein omtale av tiltaket det søkast om tilskot til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring, herunder aktiviteter, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar. 
  • Forventa resultat.
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket, herunder finansieringsplan.
  • Søknadssum.
  • Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.

Det er mogleg å laste opp vedlegg til den elektroniske søknaden.

Kontaktpersonar

Vi oppmodar alle potensielle søkjarar til å ta kontakt med oss i søknadsprosessen for å få avklart spørsmål ein måtte ha. For nokre søknadar kan det også vere aktuelt med eit møte før søknad sendast inn slik at vi kan komme med råd og veiledning før søknad sendast inn.

Prosjektleiar:
Arthur K. Arnesen, tlf. 970 93 086, Arthur.Kristian.Arnesen@hfk.no ved Hordaland fylkeskommune.

Kontaktpersonar i ditt fylke


Viktige avgrensingar

Nedanfor er det trekt opp nokre avgrensingar i forhold til kva type prosjekt som fell inn under de ulike regionale verkemidla. Søkjarar som er tvil om korleis dette skal forståast, kan kontakte sakshandsamar i sitt fylke.

Desse omstillingsmidla skal ikkje nyttast til å erstatte «ordinær» finansiering frå NAV, IN eller fylkeskommunane, men til å finansiere gode omstillingstiltak som fell utanfor dei ordinære finansieringane. NAV har eit nasjonalt ansvar for oppfølging og tiltak for arbeidsledige og IN har eit ansvar for finansiering av bedriftsinterne tiltak. I tillegg har fylkeskommunane ordinære regionale utviklingsmidlar for finansiere næringsretta utviklingstiltak. Sakshandsamar vil avklare kva som er rett adresse for innkomne søknadar og eventuelt hjelpe til med oversending av søknad i dei tilfella det er aktuelt.

I ein situasjon kor både tilsette og bedrifter blir hardt ramma er det viktig at midlane blir nytta til tiltak og prosjekt som kan få effekt så raskt som mogleg. For meir langsiktige tiltak og prosjekt, som til dømes FoU-prosjekt og infrastrukturprosjekt fins det eigne tilpassa finansieringsordningar.

Forskningsrådet og dei regionale forskingsfonda har ansvar for å finansiere forskingsprosjekt. Dei regionale forskingsfonda for Sør- og Vestlandet har også fått tilført ekstra midlar over statsbudsjettet for 2016 for å møte utfordringane i leverandørindustrien knytt til olje og gass. For å motivere og kartlegge potensielle forskingsprosjekt i bedriftene har alle fylka også VRI-midlar. Det blir difor lagt til grunn at omstillingsmidla ikkje blir nytta til å finansiere forskingsprosjekt.

Leverandørindustrien er spreitt over heile Sør- og Vestlandet og er uavhengig av fylkesgrensene. For desse omstillingsmidla vil difor tiltak og prosjekt på tvers av fylkesgrensene ha særskilt fokus. Dette er likevel ikkje til hinder for at meir lokale tiltak og prosjekt kan bli prioritert der omstillingsutfordringane har ramma særskilt. Det vil også vere aktuelt å prioritere samarbeid og erfaringsutveksling mellom lokalsamfunn på tvers av fylkesgrensene.

Det er ein føresetnad at alle tiltak og prosjekt må vere forankra i næringslivet og/eller i aktuelle arbeidstakarorganisasjonar. Det er viktig at denne forankringa er på plass heilt frå starten og normalt før midlane kan tildelast. Meir generelle tiltak som berre indirekte kan komme til å styrke næringslivet og dei tilsette si omstillingsevne vil ikkje bli prioritert.

Viktige dokument

I tillegg til det som går fram her, gjeld Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske virkemidler og «Omstilling på Sør- og Vestlandet, - strategiske føringar og avgrensingar for virkemiddelbruken» (PDF) for bruken av desse omstillingsmidla.

Prosjektleiar
Profilbilde av Arthur Kristian Arnesen
Arthur Kristian Arnesen
97093086