Tilskot til omstilling i petroleumsindustrien i Hordaland

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til prosjekt og tiltak som anten medverkar til å handtera konsekvensane av nedbemanning og permiteringar i sektoren, eller til å styrkje og vidareutvikla bedrifter innan sektoren direkte eller indirekte. Tilskotet er ein del av Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)

Aktuelle søkjarar

Målgruppa er alle offentlege og private aktørar og organisasjonar som vil medverke til omstilling i leverandørindustrien. Også bedrifter kan søke om midlar til omstillingsprosjekt. 

Krav til søknaden

Alle søkjarar skal søkje elektronisk gjennom tenesta Regionalforvaltning.no, bruk støtteordning «Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)».

Søknaden må vere innanfor utlyst tema, riktig utfylt og komplett i høve til mal. 


Søknad skal også innehalde finansieringsplan.

Vilkår for tildeling

Midlane skal nyttast som utløysande delfinansiering av konkrete tiltak og prosjekt knytt til kompetanseheving, omstilling, innovasjon og nyskaping. Nokre av midlane kan også nyttast til bedriftsinterne tiltak.

Prosjekta kan vere både individretta og bransjeretta.

Tiltak/prosjekt som er klare for rask oppstart vil bli prioriterte.

Aktuelle tiltak vil vere knytt til følgjande innsatsområde:

  1. Større omleggingar og innskrenkingar ved hjørnesteinsbedrifter
  2. Omstillingsbehov for bedrifter som skal vidareutviklast
  3. Undervisning og etterutdanning for arbeidstakarar som skal/vil omstillast
  4. Felles tiltak knytt til rammevilkåra for denne industrien

Det vert oppmoda om å kome med søknadar på prosjekt som har fokus på Grønt skifte. 

Profilbilde av Arthur Kristian Arnesen
Arthur Kristian Arnesen
97093086
Profilbilde av Hans Inge Gloppen
Hans Inge Gloppen
97414040